Tolmezzo

kommune i Italia

Tolmezzo (tysk: Tolmein; slovensk: Tolmeč) er ein by og ein kommune i provinsen Udine i regionen Friuli-Venezia Giulia, heilt nordaust i Italia. Kommunen har mellom 10 og 11 000 ibuarar og eit areal på 65,7 km². Byen ligg ligg mellom elvane Tagliamento og Friaul, 323 meter over havet.

Utsyn over Tolmezzo

Tolmezzo er eit knutepunkt for trafikken i det nordaustlege Italia; motorvegen Autostrada 23 leier mot både grensebyen Tarvisio og vidare austover mot Villach i Austerrike, samt sørover mot Udine og vidare til Adriahavet. I tillegg går ein hovudveg mot nord til Plöckenpasset ved landegrensa mot Austerrike.

Soge endre

Byen Tolmezzo var tidlegare hovudbyen i den romerske regionen Carnia. Omkring 1420 vart byen underlagt republikken Venezia, men Tolmezzo fekk behalde sine handelsrettar. Etter 'Freden i Campo Formio' i 1797 vart byen overdrege til Austerrike. Sidan låg Tolmezzo ein kort periode under fransk herredømme, men vart i 1815 innlemma i kongeriket Lombardia-Venezia, ein klientstat til Austerrike. Ved freden i Praha i 1866 vart Tolmezzo innlemma i det nye kongeriket Italia.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Tolmezzo» frå dk, den 3. januar 2014.