René Vandereycken
belgisk fotballspelar
René Vandereycken (fødd 22. juli 1953) er ein belgisk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå landsbyen Spalbeek i Limburg-provinsen. Han var midtbanespelar. I vel tre år frå januar 2006 var Vandereycken landslagssjef for Belgia.
René Vandereycken | |
Statsborgarskap | Belgia |
Fødd | 22. juli 1953 (71 år) Hasselt |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1986, EM i fotball 1980, EM i fotball 1984 |
Karriere
endreKlubbspel
endreVandereycken hadde stor suksess med Club Brugge, ein klubb han tente frå 1974 til 1981. Etter to sesongar i Italia, vende han tilbake til Belgia og spel for RSC Anderlecht perioden 1983-86. Han la opp i 1989.
Landslagsspel
endreVandereycken debuterte på landslaget i november 1975 og deltok i 50 landskampar, dei to siste kom under VM i fotball 1986. Han skåra 3 mål for Belgia, det eine kom då han i EM-finalen 1980 utlikna på straffespark, ein kamp som enda med vesttysk triumf 2–1 i sluttminutta.
Merittar
endre- Sølvmedalje i EM i fotball 1980: Belgia
- Belgisk seriemeister: 1976, 1977, 1978 og 1980 for Club Brugge
- Belgisk seriemeister: 1985 og 1986 for RSC Anderlecht
- Belgisk cupmeister: 1977 for Club Brugge
- Finalist i Europacupen: 1978 for Club Brugge
- Finalist i UEFA-cupen: 1976 for Club Brugge
- Finalist i UEFA-cupen: 1984 for RSC Anderlecht
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «René Vandereycken» frå Wikipedia på tysk, den 1. april 2022.