Renata Pytełewska-Nielsen
Renata Pytełewska-Nielsen (fødd 18. mai 1966) er ein polsk-dansk tidlegare friidrettsutøvar frå Otwock som særleg utmerkte seg i lengdehopp.
Renata Pytełewska-Nielsen | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 18. mai 1966 (58 år) Otwock |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Ho utvandra til Danmark i 1980-åra og representerte sidan Danmark. Som Renata Nielsen vann ho bronsemedaljen i lengdehopp ved Friidretts-VM 1993. Den 5. mai 1994 sette ho dansk rekord med 6,96 meter i eit stemne i Sevilla. Våren 1996 vann ho lengdetevlinga under innandørs-EM 1996 i Stockholm med eit bestehopp på 6,76 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1990 i Split: Nr 11 – 6,35 m
- VM 1991 i Tokyo: -
- OL 1992 i Barcelona: Nr 11- 6,06 m
- VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 6,76 m
- EM 1994 i Helsinki: Nr 4 – 6,82 m
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (6,42 m=nr 22)
- OL 1996 i Atlanta: -
- VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (6,49 m=nr 19)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Renata Pytełewska-Nielsen» frå Wikipedia på dansk, den 17. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- «Renata Pytełewska-Nielsen» (på engelsk). Olympedia. Henta 4. mars 2023.