Rennesøy
Rennesøy er ei øy og eit sokn i Rennesøy kommune i Ryfylke. Rennesøy sokn femnar om sjølve øya Rennesøy og i tillegg øya Brimse. Øya har to tettstader, Vikevåg og Østhusvik, og kryssast av Europaveg 39 som kjem sørfrå via Mastrafjordtunnelen og fortset nordover via ferje frå Mortavika på øyas nordvestre kant.
Rennesøy sokn
endreRennesøy sokn har 2 675 innbyggjarar (2013) og eit areal på 42 km², det aller meste av det på hovedøya.
Rennesøy var frå mellomalderen delt på Hauske sokn og Sørbø sokn. Sørbø omfatta vestre delen av Rennesøy, mens Hauske omfatta midtre og austre delen av Rennesøy og dessutan Brimse. (Grenda Hanasand lengst nordaust på Rennesøy sokna likevel til Talgje fram til 1918.) I 1990 vart dei to sokna slegne saman, og Rennesøy sokn vart skipa.
Frå 1997 høyrer soknet til Tungenes prosti.[1]