Reuben Seroney Kosgei (fødd 2. august 1979) er kenyansk tidlegare hinderløpar frå Kapsabet i Marakwet-distriktet som vart olympisk meister i 3000 meter hinder i 2000 og verdsmeister i 2001.

Reuben Kosgei
Statsborgarskap Kenya
Fødd 2. august 1979 (44 år)
Kapsabet
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2006

Aktiv endre

Kosgei vann 3000 meter hinder då juniorverdsmeisterskapen 1998 fann stad i Annecy. To år seinare sprang han inn til gullmedalje i hinderløpet under dei olympiske leikane 2000 i Sydney. Sommaren 2001 sette han personleg rekord med tida 7.57,2 under eit stemne i Brussel, og han vann 3000 meter hinder i verdsmeisterskapen i Edmonton.

Ved VM 2003 i Paris kvalifiserte Kosgei seg til finalen i hindertevlinga, ein finale han ikkje fullførte. I 2006 kom han tilbake i eit stort meisterskap og tok tredjeplassen i 3000 m hinder ved samveldeleikane i Melbourne, slått i spurten av landsmennene Ezekiel Kemboi og Wesley Koech.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre