Wilson Boit Kipketer

Wilson Boit Kipketer (fødd 6. oktober 1973) er ein kenyansk tidlegare friidrettsutøvar som vart verdsmeister i 3 000 meter hinder i 1997 og vann sølvmedaljen i øvinga både ved VM 1999 og OL 2000.

Wilson Boit Kipketer
Statsborgarskap Kenya
Fødd 6. oktober 1973 (50 år)
Kenya
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Den 6. august 1997 vann Kipketer hinderløpet i VM i Aten på tida 8.05,8. Han spurtslo verdsrekordhaldar Moses Kiptanui og Bernard Barmasai, begge to landsmenn av Kipketer. Nøyaktig ei veke seinare forbetra Kipketer i Zürich den to år gamle verdsrekorden på 3 000 meter hinder med eitt tidels sekund til 7.59,0. Verdsrekorden vart ståande i berre elleve dagar, til Barmasai i Köln sprang i mål på 7.55,7.

Både i VM 1999 og Sommar-OL 2000 vann Kipketer sølv på 3000 meter hinder. I begge tevlingane vart han slått i spurten av ein landsmann ved etternamn Kosgei, i 1999 Christopher og i 2000 Reuben.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre