Rich Williams

amerikansk gitarist

Richard John «Rich» Williams (fødd 1. februar 1950) er ein USA-amerikansk gitarist, mest kjend som medlem av Kansas, der han vore medlem sidan debuten i 1974.[1] Williams mista det høgre auget sitt som barn i ei fyrverkeriulukke. I mange år gjekk han med glasauge, men har i dag ein lapp over auget i staden.

Rich Williams

Rich Williams med Kansas i 2012 (foto Wayne Camlin)
Fødd1. februar 1950 (74 år)
FødestadTopeka i Kansas
FødenamnRichard John Williams
OpphavUSA
SjangerRock, progressiv rock
InstrumentGitar
Tilknytte artistarKansas
Verka somMusikar

I byrjinga delte Williams gitarspelinga med Kerry Livgren. Seint i 1980-åra spelte han og Steve Morse sologitar i bandet. Etter forskjellige besetningsendringar i Kansas, var Williams den einaste gitaristen i bandet, fram til Zak Rizvi kom inn i bandet i 2016. Williams og Phil Ehart er dei einaste to som har vore medlem i Kansas heile vegen og spelt på alle albuma deira.

Diskografi

endre

Kjelder

endre