Leftoverture
Leftoverture Studioalbum av Kansas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. oktober 1976 | |
Innspelt | Desember 1975 til august 1976 | |
Studio | Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 43:40 | |
Selskap | Kirshner (USA) Epic (Europe and Japan) CBS (Oceania) | |
Produsent | Jeff Glixman, Kansas | |
Kansas-kronologi | ||
---|---|---|
Masque (1975) |
Leftoverture | Point of Know Return (1977)
|
Singlar frå Leftoverture | ||
|
Leftoverture er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1976. Det var det første albumet til bandet som selte til gullplate og er til no det bestseljande albumet deira med over 5 millionar selte eksemplar i USA.[1]
Albumet kom ut med ommastra lyd i 2001.
Bakgrunn
endreSteve Walsh fekk skrivesperre før innspelinga av albumet, så bidraga hans er avgrensa til medlåtskrivar på tre songar. Kerry Livgren måtte derfor fylle resten av albumet.[2] Dei nye komposisjonane hadde mykje av den same kompleksiteten inspirert av klassisk musikk, som tidlegare songar av Livgren.[2] Kansas spelte inn albumet i Studio in the Country i Bogalusa i Louisiana. Studio in the Country fekk dette namnet fordi, som Livgren skildra i eit radioprogram, «det låg midt ein sump. Når me gjekk ut døra i studio låg det alligatorar der, med mygg på storleik av B-52-fly og stundom beltedyr som sprang inn i kontrollrommet.»[3]
Leftoverture opnar med songen «Carry On Wayward Son», som Livgren skreiv som ein oppfølgjar til «The Pinnacle», den siste songen på det førre albumet, Masque (1975).
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [4] |
Christgau's Record Guide | D+[5] |
MusicHound Rock | 4/5[6] |
Albumet fekk middels kritikk. Rolling Stone kalla Leftoverture det beste Kansas-albumet til då og sa at det «garanterer Kansas ein stad rett ved siden av Boston og Styx som ei av dei ferske, nye amerikanske banda som kombinerer hardtkøyrande instrumentering (utan prangande soloar) med korte, stramme melodilinjer og hyggeleg song.»[7] Magasinet Playboy kalla albumet «særs sterkt» og rosa Kansas for å representere «dei solide verdiane frå Midtvesten i vår enorme musikalske kjerne.»[8] Robert Christgau sa at albumet mangla intelligensen og overtydinga til europeisk progressiv rock, og at den sjølvutslettande humoren som var implisert i titlane på songane og albumet ikkje var å sjå i sjølve songane.[5]
Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv at albumet inneheld «verken knaggar eller nok stordom til å vere interessant» og trass i den flotte singelen «Carry On Wayward Son», er det faktum at Kansas «aldri klarer å konkurrere med denne andre stader på denne plata, like mykje eit vitnesbyrd om den lammande ambisjonen deira som den manglande dugleiken.»[4] Ultimate Classic Rock reknar «Carry On Wayward Son», «Magnum Opus», «The Wall», «What's on My Mind» og «Opus Insert» som klassikarar.[9]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Kerry Livgren utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Carry On Wayward Son» | 5:23 | |
2. | «The Wall» | Livgren, Steve Walsh | 4:51 |
3. | «What's on My Mind» | 3:28 | |
4. | «Miracles Out of Nowhere» | 6:28 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Opus Insert» | 4:30 | |
6. | «Questions of My Childhood» | Walsh, Livgren | 3:40 |
7. | «Cheyenne Anthem» | 6:55 | |
8. | «Magnum Opus»
| Livgren, Walsh, Rich Williams, Dave Hope, Phil Ehart, Robby Steinhardt | 8:25 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Carry On Wayward Son» (live i Pine Knob Music Theatre, Michigan) | 4:43 |
10. | «Cheyenne Anthem» (live i The Palladium i New York City i desember 1977) | 6:41 |
Medverkande
endre- Kansas
- Steve Walsh - orgel, piano, ekstra synthesizer, vibrafon, solo- og korvokal (alle spor)
- Kerry Livgren - elektrisk gitar, piano, clavinet, Moog, Oberheim og ARP synthesizer
- Robby Steinhardt - fiolin, bratsj, solovokal på «Miracles Out of Nowhere» og «Cheyenne Anthem», korvokal
- Rich Williams - elektrisk og akustisk gitar
- Dave Hope - bassgitar
- Phil Ehart - trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Toye LaRocca, Cheryl Norman - barnestemmer på «Cheyenne Anthem»
- Produksjon
- Jeff Glixman - plateprodusent, assisterande lydteknikar
- Bill Evans - lydteknikar
- Edwin Hobgood, Ray Black - ekstra studiostøtte
- George Marino - mastering i Sterling Sound i New York City
Salslister
endre
|
|
Salstrofé
endreLand | Organisasjon | År | Sal |
USA | RIAA | 1995 | 4x Platina (+ 4 000 000)[1] |
Canada | CRIA | 1978 | Platina (+ 100 000)[16] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Leftoverture» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «RIAA Gold & Platinum Database: Search for Kansas». Recording Industry Association of America. Henta 23. mai 2020.
- ↑ 2,0 2,1 Wild, David (2001). Leftoverture (CD Booklet). Kansas. New York City: Legacy Recordings. s. 3. EK 85386.
- ↑ «Kansas-Leftoverture- Phil Ehart, Richard Williams, Kerry Livgren». In the Studio with Redbeard. Arkivert frå originalen 11. november 2018. Henta 23. mai 2020.
- ↑ 4,0 4,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Kansas - Leftoverture review». AllMusic. All Media Network. Henta 23. mai 2020.
- ↑ 5,0 5,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: K». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. mai 2020 – via robertchristgau.com.
- ↑ Graff, Gary (1996). «Kansas: Leftoverture». MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Canton, Michigan: Visible Ink Press. ISBN 978-0787610371. Henta 23. mai 2020.
- ↑ Niester, Alan (27. januar 1977). «Album Reviews: Kansas - Leftoverture». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. februar 2008. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Kansas: Leftoverture». Playboy. July 1977. Henta 23. mai 2020.
- ↑ https://ultimateclassicrock.com/kansas-leftoverture/
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 27, No. 3, 16. april 1977». Library and Archives Canada. 16. april 1977. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Top Singles - Volume 27, No. 1, 2. april 1977». Library and Archives Canada. 2. april 1977. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Kansas Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 24. desember 2017.
- ↑ «Kansas Official Charts». Official Charts Company. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Top Singles - Volume 27, No. 17, 23. juli 1987». Library and Archives Canada. 23. juli 1977. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Gold Platinum Search for Kansas». Music Canada. Henta 22. mai 2020.