Power av Kansas
Power Studioalbum av Kansas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. november 1986 | |
Innspelt | 1986 | |
Studio | The Castle i Franklin i Tennessee Abbey Road Studios i London i England (orkesterinnspeling) | |
Sjanger | Hardrock, arenarock, kunstrock | |
Lengd | 39:06 | |
Selskap | MCA | |
Produsent | Andrew Powell, Phil Ehart | |
Kansas-kronologi | ||
---|---|---|
The Best of Kansas (1984) |
Power | In the Spirit of Things (1988)
|
Singlar frå Power | ||
|
Power er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1986. Det var det første studioalbumet deira for MCA Records.
Eitt og eit halvt år etter Kansas vart oppløyst mot slutten av Drastic Measures-turneen, kom den tidlegare songaren Steve Walsh attende og starta opp att Kansas i lag med dei originale medlemmane Phil Ehart og Rich Williams. Gitaristen Steve Morse, som vart invitert med av Ehart etter at dei to hadde møtt kvarandre på ein konsert i Atlanta, bidrog mykje til låtskrivinga og stilen til den nye besetninga. Bassgitaristen og vokalisten Billy Greer, som hadde arbeidd med Walsh i det kortvarige bandet Streets etter han forlet Kansas i 1981, fullførte den nye besetninga. Det nye Kansas byrja å øve i lag i juli 1985, då Walsh var ferdig med ein turné som musikar for Cheap Trick. Dei gav ut Power året etter.
Det vart laga musikkvideo for singelen «All I Wanted», med forskjellige klipp av kvinner som går og smiler. Berre Walsh og Morse frå bandet var med i videoen. Songen vart miksa av produsenten Humberto Gatica, og vart ein topp 40-hit i USA. Dei neste singlane, «Power» og «Can't Cry Anymore», gjorde det langt dårlegare, men førstnemnde er den siste singelen til Kansas som gjekk inn på Billboard Top 100-lista. Det vart laga ein video med komikaren Richard Belzer for «Can't Cry Anymore».
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Kerrang! | [2] |
Xavier Russel skreiv for Kerrang! og kalla den pompøse stilen til Kansas «særs utdatert» og trass i eit par bra rockesongar som «Musicatto», var andre songar «pinlegare enn det som er mogeleg å tenkje seg».[2] AllMusic skreiv at den dramatiske, musikalske endringa til Kansas, var «meir hardrock og pop enn progrock», som «truleg overraska langvarige Kansas-fans» men gav bandet «ei interssant, men til sjuande og sist, kortvarig, ny retning.»[1]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Steve Morse og Steve Walsh, utanom der andre er nemnde..
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Silhouettes in Disguise» | 4:26 | |
2. | «Power» | Randy Goodrum, Steve Morse, Steve Walsh | 4:25 |
3. | «All I Wanted» | 3:20 | |
4. | «Secret Service» | John Booth Aclin, Ron Miller, Morse, Walsh | 4:42 |
5. | «We're Not Alone Anymore» | 4:16 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Musicatto» (instrumental) | 3:30 | |
7. | «Taking In the View» | 3:06 | |
8. | «Three Pretenders» | Billy Greer, Morse, Walsh | 3:50 |
9. | «Tomb 19» | 3:46 | |
10. | «Can't Cry Anymore» (The Producers-song) | Tim Smith, Van Temple | 4:01 |
Medverkande
endre- Kansas
- Steve Walsh - klaverinstrument, solovokal
- Steve Morse - sologitar, vokal
- Rich Williams - gitar
- Billy Greer - bassgitar, vokal
- Phil Ehart - trommer, leiande produsent
- Andre medverkande
- The Philarmonia Orchestra arrangert og dirigert av Andrew Powell
- Gary Chang - klaverinstrument-programmering
- Travis Bradford, Jerome Olds, Rob Henson, Yonrico Scott, Merle McLain, Doug Baker, Solomon Olds, Cliff Jones - korvokal
- Produksjon
- Andrew Powell - plateprodusent
- Nigel Walker - lydteknikar, miksing i Jacobs Studio, Farnham, England og Lion Share Studios, Los Angeles
- Mike Sheady - lydteknikar for orkesteret
- Humberto Gatica - miksing av «All I Wanted»
- Keith Odle, Lance Philips, Darrin Goodwin - assisterande lydteknikarar
- George Marino - mastering i Sterling Sound, New York
- Andy Engel - design, illustrasjon
Salslister
endre
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Power (Kansas album)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Adams, Bret. «Kansas Power review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 14. september 2011.
- ↑ 2,0 2,1 Russell, Xavier (11. desember 1986). «Kansas - 'Power'». Kerrang! (135): 18.
- ↑ «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 22. mai 2020.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 45, No. 14, 27. desember 1986». Library and Archives Canada. 27. desember 1986. Henta 24. mai 2020.
- ↑ 5,0 5,1 «Kansas Chart History: Mainstream Rock». Billboard.com. Billboard. Henta 22. mai 2020.
- ↑ «Kansas Chart History: Adult Contemporary». Billboard.com. Billboard. Henta 24. mai 2020.
- ↑ 7,0 7,1 «Kansas Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 24. mai 2020.
- ↑ «Top Singles - Volume 45, No. 16, 24. januar 1987». Library and Archives Canada. 24. januar 1987. Henta 24. mai 2020.