Musikkgruppa Kansas

Kansas er eit USA-amerikansk rockeband som vart populært i 1970-åra på album-orientert rock-lister og fekk sidan hitsinglar som «Carry On Wayward Son» og «Dust in the Wind».[4] Bandet har fått ni gullplater og tre multi-platinaplater (Leftoverture 6x, Point of Know Return 4x, The Best of Kansas 4x), ei anna platinaplate (Monolith), eit platinaplate for eit dobbelt konsertalbum (Two for the Show), og ein millionseljande singel, «Dust in the Wind». Kansas har vore på Billboard-listene i over 200 veker i 1970- og 1980-åra og spelt utselt arenaer og stadium i Nord-Amerika, Europa og Japan. «Carry On Wayward Son» var den nest mest spelte songen på amerikansk classic rock-radio i 1995 og 1997.[5]

Kansas

Kansas i 2016
OpphavTopeka i Kansas i USA
Aktiv
  • 1973–1984, sidan 1985
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Medlemmer
Tidlegare medlemmer
PrisarKansas Music Hall of Fame

Historie endre

Kansas vart skipa i Topeka i Kansas i 1970 av gitaristen Kerry Livgren, bassisten Dave Hope og trommeslagaren Phil Ehart. Dei spelte først i lag på vidaregåande skule. I 1971 fekk dei med seg den klassisk lærde fiolinisten Robbie Steinhardt, og dei byta namn til White Clover, før dei gjekk attende til Kansas for godt i 1972 då dei fekk med seg vokalisten og klaverspelaren Steve Walsh og gitaristen Richard Williams. Gruppa turnerte mykje dei første åra og kjempa for å slå igjennom. I starten slo ikkje blandinga deira av boogie rock og progrock an på klubbane dei spelte, men etter kvart fekk dei ein trufast tilhengjarskare som var stor nok til at dei fekk ein platekontrakt med Kirshner.

Det sjølvoppkalla debutalbumet deira kom ut i 1974 og vart berre ein mindre suksess, men gruppa fortsette å halde mange konsertar. Fanbasen voks til eit punkt der det tredje albumet deira, Masque, selde 250 000 eksemplar. I 1976 slo Kansas verkeleg igjennom med albumet Leftoverture, som inneheldt hitsingelen «Carry on Wayward Son». Albumet nådde topp fem i USA og selde over tre millionar eksemplar. Albumet Point of Know Return kom ut i 1977 og vart ein større suksess, med monsterhitten «Dust in the Wind». Sjølv om konsertalbumet Two for the Show sleit med å kome seg inn på topp 40, gjekk det neste albumet deira, Monolith, det første dei produserte sjølv, inn på topp 10. Same året gav Walsh ut soloalbumet Schemer-Dreamer.

Etter at bandet gav ut Audio-Visions i 1980, byrja Kansas å slå splintrar. Både Hope og Livgren vart nykristne, og Livgren gav ut soloplata Seeds of Change. Dette skapte splid i bandet. Walsk slutta kort tid etter for å skipe eit nytt band, Streets, medan dei attverande medlemmane gjekk vidare utan han. Dei henta inn vokalisten John Elefante som erstattaren hans. Det første Kansas-albumet utan Walsh, Vinyl Confessions i 1982, inneheldt hitten «Play the Game Tonight», men etter eitt album til, Drastic Measures i 1983, vart dei oppløyst.

I 1986 kom derimot Kansas saman att rundt Ehart, Williams og Walsh. Dei fekk med seg den kjende gitaristen Steve Morse, og bassisten Billy Greer, og dette bandet gav ut albumet Power, med topp 20-hitten «All I Wanted». Oppfølgjaren In the Spirit of Thingsfrå 1988, selde dårleg, og det gjekk sju år til det neste albumet deira kom ut, Freaks of Nature. London Symphony deltok på albumet Always Never the Same i 1998 og i 2000 gav Kansas ut Somewhere to Elsewhere, det 14. studioalbumet deira, der dei fekk med seg songaren og låtskrivaren Kerry Livgren att. Det neste tiåret turnerte Kansas mykje og gav ut samlealbum og konsertalbum, og i 2014 vart dei innlemma i Kansas Hall of Fame og Georgia Music Hall of Fame, samstundes med at dei feira 40-årsjubileet sitt. Samleplata Miracles Out of Nowhere kom ut tidleg i 2015. Etter å ha fått kontrakt med Century Media sitt InsideOut, gav Kansas ut The Prelude Implicit i 2016. Det 15. studioalbumet deira totalt, eit progtungt album som var det første dei gav ut på 16 år. Året etter kom ei samling konsertopptak, Leftoverture Live & Beyond frå 40-årsjubileumsturneen deira. I juni 2020 kom The Absence of Presence.

Medlemmar endre

Noverande medlemmar

  • Rich Williams – solo- og rytmegitar, korvokal (1973–1984, sidan 1985)
  • Phil Ehart – trommer, perkusjon (1973–1984, sidan 1985)
  • Billy Greer – bass, akustisk gitar, korvokal (sidan 1985)
  • David Ragsdale – fiolin, rytmegitar, korvokal (1991–1997, sidan 2006)
  • Ronnie Platt – solo- og korvokal, klaverinstrument (sidan 2014)
  • Zak Rizvi – rytme- og sologitar, korvokal (sidan 2016)
  • Tom Brislin – klaverinstrument, korvokal (sidan 2018)

Diskografi endre

Kjelder endre

  1. Jeff Wagner (2010). Mean Deviation: Four Decades of Progressive Heavy Metal. Bazillion Points Books. s. 7. ISBN 978-0-9796163-3-4. 
  2. Pete Prown; Harvey P. Newquist (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarists. Hal Leonard Corporation. s. 87. ISBN 978-0-7935-4042-6. 
  3. Weinstein, Deena (2015). Rock'n America: A Social and Cultural History. University of Toronto Press. s. 164. ISBN 9781442600157. 
  4. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 524–525. ISBN 1-84195-017-3. 
  5. «Kansas Band Official Website». Kansasband.com. Henta 21. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Musikkgruppa Kansas