Vinyl Confessions
Vinyl Confessions Studioalbum av Kansas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1982 | |
Innspelt | Seint 1981, tidleg 1982 | |
Studio | Chateau Recorders i North Hollywood i California | |
Sjanger | Progressiv rock, arenarock | |
Lengd | 43:20 | |
Selskap | Kirshner/CBS, Epic | |
Produsent | Kansas, Ken Scott | |
Kansas-kronologi | ||
---|---|---|
Audio-Visions (1980) |
Vinyl Confessions | Drastic Measures (1983)
|
Singlar frå Vinyl Confessions | ||
|
Vinyl Confessions er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1982. Det inneheld singelen «Play the Game Tonight», som nådde topp 20 og vart den tredje høgaste listeplasseringa til Kansas i USA, berre forbigått av «Carry on Wayward Son» og «Dust in the Wind».[1]
Bakgrunn
endreVinyl Confessions var eit stort vendepunkt for bandet. Etter at både gitaristen og klaverspelaren Kerry Livgren og bassisten Dave Hope var blitt frelst, og Livgren fokuserte på kristne tekstar, gjekk ikkje songaren Steve Walsh med på den nye retninga til bandet og slutta for å skipe sitt eige band, Streets.[2] Walsh hadde medverka mykje som låtskrivar, så bandet måtte finne ein ny songar som ikkje berre hadde ein vokalstil som kunne passe musikken til bandet, men som òg kunne bidra med songar til det komande albumet. Etter ein lang prosess stod valet mellom tre kandidatar: Warren Ham, Michael Gleason og John Elefante. Valet fall til slutt på Elefante.[2]
«Fair Exchange» skildra verda som regjert av antikrist, medan «Chasing Shadows» peikte på frustrasjonen ved å søkje etter noko anna enn den bibelske sanninga. «Diamonds and Pearls» la vekt på andeleg rikdom over økonomisk rikdom, medan «Face It», «Windows» og «Borderline» all hadde sterke evangeliske trekk.
Vinyl Confessions vart lagt merke til av den gryande CCM-industrien (Contemporary Christian music). Fleire kristne magasin hylla den nye musikalske retninga til Kansas og CCM Magazine kåra Vinyl Confessions til årets album i 1982.[2] Denne merksemda gav Kansas eit heilt nytt publikum, men det skapte òg ytterlegare strid i bandet. Dette kom fram under innspelinga av det neste albumet deira, Drastic Measures.[2]
Vinyl Confessions var det siste albumet med fiolinisten og vokalisten Robby Steinhardt, som slutta i bandet etter den påfølgjande turneen og kom ikkje attende før i 1997.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
Melodic.net | [2] |
Allmusic anerkjende suksessen til singelen «Play the Game Tonight», men var elles negativ til plata. Dei kritiserte dei kristne tekstane som «ofte for dømande, med ein oss-mot dei-haldning», og insinuerte at albumet var meir generisk poprock enn dei tidlegare Kansas-albuma. Dei skreiv «det byrja å bli vanskeleg å skilje Kansas frå Foreigner og Journey».[3]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Play the Game Tonight» | Kerry Livgren, Rich Williams, Phil Ehart, Danny Flower, Rob Frazier | 3:26 |
2. | «Right Away» | John Elefante, Dino Elefante | 4:06 |
3. | «Fair Exchange» | Livgren | 5:01 |
4. | «Chasing Shadows» | J. Elefante, D. Elefante | 3:20 |
5. | «Diamonds and Pearls» | Livgren | 4:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Face It» | J. Elefante, D. Elefante | 4:17 |
7. | «Windows» | Livgren | 3:32 |
8. | «Borderline» | Livgren | 4:00 |
9. | «Play On» | J. Elefante, Livgren | 3:32 |
10. | «Crossfire» | Livgren | 6:35 |
Medverkande
endre- Kansas
- John Elefante — klaverinstrument, solovokal
- Kerry Livgren — gitar, klaverinstrument, Synclavier programmering
- Robby Steinhardt — fiolin, vokal, solovokal på «Crossfire»
- Rich Williams — gitar
- Dave Hope — bass
- Phil Ehart — trommer
- Andre medverkande
- Warren Ham — munnspel
- Bill Bergman — altsaksofon, tenorsaksofon på spor 2, 5 og 6
- Lee Thornburg, John Berry jr. — trompet på spor 2 og 5
- Greg Smith — barytonsaksofon på spor 2 og 5
- Jim Coile — tenorsaksofon på spor 2 og 5
- Ben Dahlke — fagott på spor 5
- David Pack, Donna Williams — korvokal
- Roger Taylor — korvokal på «Right Away», «Diamonds and Pearls», «Play the Game Tonight»[4]
- Produksjon
- Kansas – produsent
- Ken Scott – produsent, lydteknikar
- Brian Leshon, David Spritz, Phil Jost, Ralph Sutton – assisterande lydteknikarar
- Stan Ricker – mastering i Original Masteringworks/Mobile Fidelity Sound Lab, California
- Tom Drennon - kunstnarisk leiar og design
- Andrew Barnum - ekstra kunst
- Glen Wexler - fotografi
Salslister
endre
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vinyl Confessions» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Kansas Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 24. mai 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Winberg, Pär. «Review: Kansas - Vinyl Confessions». Melodic.net. Arkivert frå originalen 14. oktober 2011. Henta 24. mai 2020.
- ↑ 3,0 3,1 Ruhlmann, William. «Kansas - Vinyl Confessions review». AllMusic. All Media Network. Henta 24. mai 2020.
- ↑ «Roger Taylor Collaborations: 1970-1985». Ultimate Queen.co.uk. Henta 24. mai 2020.
- ↑ «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Album – Kansas, Vinyl Confessions». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 24. mai 2020.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 «Kansas Chart History: Mainstream Rock». Billboard.com. Billboard. Henta 22. mai 2020.
- ↑ «Top Singles - Volume 36, No. 22, 10. juli 1982». Library and Archives Canada. 10. juli 1982. Henta 24. mai 2020.