Richard Chelimo
Richard Chelimo (21. april 1972–15. august 2001) var ein kenyansk langdistanseløpar som vann ein OL-medalje og to VM-medaljar på 10 000 meter. Han var bror til Ismael Kirui.
Richard Chelimo | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 21. april 1972 Eldoret |
Død | 15. august 2001 (29 år) Eldoret |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992 |
Chelimo fekk sølvmedaljen på 10 000 m under VM i friidrett 1991, slått i spurten av landsmannen Moses Tanui. Året etter vart Chelimo andremann i milløpet då Sommar-OL 1992 fann stad i spanske Barcelona. I dette løpet meinte publikum Chelimo vart hindra av ein marokkansk løpar, til fordel for marokkanaren Khalid Skah som spurta frå Chelimo på oppløpssida. Skah vart i fyrste omgang diskvalifisert, men tilkjend gullmedaljen dagen etter løpet.
5. juli 1993 sette Chelimo verdsrekord på 10 000 meter i eit stemne på Stockholm stadion. Rekordtida 27.07,9 stod seg i berre fem dagar, etter som landsmannen Yobes Ondieki vart fyrstemann under 27 minutt på mila. Under VM i friidrett 1993 sprang Chelimo inn til bronsemedalje på mila, borti 20 sekund bakom Etiopias Haile Gebrselassie og nemnde Moses Tanui.
Chelimo døydde av ein hjernesvulst, 29 år gammal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Richard Chelimo» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2022.