Yobes Ondieki (fødd 21. februar 1961) er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar.

Yobes Ondieki
Statsborgarskap Kenya
Fødd 21. februar 1961 (63 år)
Kisii
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Aktiv endre

På 1980-talet studerte Yobes Ondieki i Iowa i USA der han var ein aktiv idrettsmann, særleg i terrengløp. Som langdistanseløpar var han i stand til å halda god fart over lengre tid, men mangla ein god sluttspurt. Under sommar-OL 1988 i Seoul deltok han på 5000 meter, men enda på 12. plass. Også under neste OL, sommar-OL 1992 i Barcelona var det sluttspurten som mangla hjå Ondieki og som gjorde at han enda på ein femteplass.

Ondieki sin største idrettsmedalje er VM-gull på 5000 meter frå Tokyo i 1991. Han sprang inn på 13,14.45 og sette meisterskapsrekord. Dessutan vart Ondieki den fyrste løparen som sprang 10 000 meter på under 27 minutt og dermed sette ny verdsrekord. Dette skjedde på Bislett stadion under Bislett Games den 10. juli 1993, og Ondieki vart tildelt Bislett-medaljen for prestasjonen. Verdsrekorden heldt fram til juli neste år, då han vart slått av William Sigei.

Ondieki var gift med maratonløparen Lisa Martin frå Australia, men dei er no skilde.

Kjelde endre