Rick Davies
Richard Davies (fødd 22. juli 1944) er ein engelsk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend for å ha skipa og vere vokalist og klaverspelar i det rockebandet Supertramp. Davies er det einaste medlemmet som har vore i bandet heile vegen, og skreiv nokre av dei mest kjende songane deira, som «Rudy», «Bloody Well Right», «Ain't Nobody But Me», «Gone Hollywood», «Goodbye Stranger», «Just Another Nervous Wreck», «Cannonball», og «I'm Beggin' You».[2] Han er generelt kjend for dei rytmiske bluessoloane på piano og jazz-aktige progressiv rock-komposisjonar med kyniske tekstar.
Rick Davies | |||
Davies, 1979 | |||
Fødd | 22. juli 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Swindon | ||
Fødenamn | Richard Davies | ||
Opphav | Swindon i Wiltshire i England | ||
Aktiv | Sidan 1956 | ||
Sjanger | Progressiv rock, poprock, kunstrock | ||
Instrument |
| ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | Supertramp | ||
Plateselskap | A&M, Rick Davies Productions | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Frå og med Indelibly Stamped i 1971 delte Davies solovokal i lag med låtskrivarpartnaren i Supertramp, Roger Hodgson, fram til Hodgson slutta i bandet i 1983,[3] og vart då den einaste songaren i gruppa. Røysta til Davies er djupare enn røysta til Hodgson og han har vanlegvis ein raspande baryton som stod til tenoren til Hodgson.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rick Davies» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Fuentes, Abel (January 2011). Interview with Richard Palmer [1], Supertramp Soap Box Asylum. Henta 9. juni 2020.
- ↑ «Supertramp» Arkivert 2020-06-10 ved Wayback Machine., 107.1 Nash Icon, ©2019 Triton Digital. All Rights Reserved. 4.19.2-009
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas; Leahey, Andrew. «Biography: Supertramp». AMG. Henta 9. juni 2020.