Rick Huxley (5. august 194011. februar 2013)[1] var ei engelsk musikar som spelte bass i The Dave Clark Five, ei gruppe som var ein del av den britiske bølgja.[2][3]

Rick Huxley

Huxley med The Dave Clark Five på The Ed Sullivan Show i 1964.
Fødd5. august 1940(1940-08-05)
FødestadDartford i Kent i England
Død11. februar 2013 (72 år)
DødsstadOld Harlow i Essex i England
FødenamnRichard Huxley
AliasRick Huxley
OpphavStorbritannia
Aktiv1960- og 1970-åra
Sjangerpop
Instrumentbassgitar, akustisk gitar
Tilknytte artistarThe Dave Clark Five
Verka somBassist

Huxley vart med i gruppa i 1958 og spelte på alle hittane deira, som «Glad All Over» og «Bits and Pieces». Han var det einaste bandmedlemmet som ikkje var låtskrivar. Etter gruppa vart oppløyst i 1970 byrja Huxley som eigedomsutviklar, men hadde framleis ein fot i musikkindustrien.[4] I mars 2008 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av bandet.[5]

Huxley døydde 11. februar 2013, 72 år gammal, etter å ha vore sjuk med emfysem i nokre år.[4][6] Kona hans, Anne, hadde døydd året før.

Kjelder

endre
  1. «Dave Clark Five 'devastated' at death of bassist Rick Huxley». www.independent.co.uk. 12. februar 2013. Henta 29. april 2018. 
  2. «Rick Huxley: Information from». Answers.com. Henta 29. april 2018. 
  3. «Rick Huxley». IMDb.com. Henta 29. april 2018. 
  4. 4,0 4,1 «The Dave Clark Five bassist Rick Huxley dies». BBC News. Henta 29. april 2018. 
  5. «Inductees for 2008». Rock and Roll Hall of Fame official website. 13. desember 2007. Henta 11. februar 2011. 
  6. «Rick Huxley». The Daily Telegraph. 23. februar 2013. Henta 29. april 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Rick Huxley