Ein ridespore eller berre spore er ein metallbøyle med spiss eller eit takka hjul bak som kan spennast fast til støvlehælen til ein ryttar. Sporen blir brukt til å driva fram og styra hesten ved å forsterka sjenkelverknaden når ein rir, ein «sporar» hesten. I eldre tid var sporar symbol for ryttarar, og i riddartida bar væpnaren sølvsporar og riddaren gullsporar som teikn på verdigheit.

Sporen av forgylt sølv med klinge av stål på støvel.
Spore

I overført tyding kan ein også i dag snakka om å «spora» nokon til innsats.

Kjelder endre

  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.