Rikard Olsvik

norsk politikar

Rikard Sverre Olsvik (6. februar 193021. august 2017) var ein norsk skulemann og politikar frå AureNordmøre. Han representerte Møre og Romsdal og ArbeidarpartietStortinget i tida 1981 til 1993.

Rikard Olsvik
Fødd6. februar 1930
Aure kommune
Død21. august 2017 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Olsvik var son til ein gardbrukar. I ungdomsåra gjekk han folkehøgskule og realskule. Han tok eksamen ved lærarskule i 1954 og underviste så på skular i Tustna og i Stangvik i åra 1955-64. Skuleåret 1964/65 arbeidde han i Sunndal kommune. Frå 1965 var han styrar ved Rindal barne- og ungdomsskule til 1981.

Olsvik engasjerte seg i og for Arbeidarpartiet, og var perioden 1960-63 medlem av både kommunestyret i Tustna og formann i skulestyret i kommunen. Sidan var han 1968-75 med i Rindal kommunestyre, med plass i formannskapet og toårsperioden 1972-73 også ordførar. Frå 1976 til 1983 var han medlem i Møre og Romsdal fylkesting, der han i 1980-81 var nestformann i næringsutvalet.

Ved stortingsvalet 1981 vart Olsvik vald til å representere Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet på Stortinget, sidan attvald i 1985 og 1989. På Stortinget var han den fyrste fireårsperioden medlem i Landbrukskomiteen. Deretter var han sekretær i Forsvarskomiteen i fem år, til han 8. november 1990 vart flytta over i Samferdselskomiteen, i samband med at Gro Harlem Brundtland tok over som regjeringssjef etter Jan P. Syse. Elles var Olsvik leiar av Fullmaktskomiteen frå 22. mars 1990.

Frå 1994 til -98 var Olvik ein av riksrevisorane. Han var elles på ny medlem 1995-99 i Rindal kommunestyre.

Olsvik døydde på sjukeheimen i Rindal.

Kjelder endre