Riksdagsbrannen var ein brann som herja Riksdagsbygningen i Berlin i Tyskland natta mellom 27. og 28. februar 1933. Han førte til at rikspresident Paul von Hindenburg skreiv ut Riksdagsbrannforordninga 28. februar. Dei grunnleggjande borgarrettane som var garanterte av forfatninga til Weimarrepublikken vart dermed sette ut av kraft, slik at vegen vart klår for forfølging og arrestasjon av motstandarane til nazipartiet. Massearrestasjonane som følgde, var byrjinga på fleire dramatiske hendingar, som i løpet av ein knapp månad førte til at Adolf Hitler, som 30. januar hadde vorte utnemnd til riksskansler, kunne etablera seg varig som diktator.

Brannmenn prøver å stoppa brannen i Riksdagsbygningen i Berlin 28. februar 1933.

Den nederlandske venstreradikale Marinus van der Lubbe vart funnen liggjande halvnaken bak den brennande bygningen. Hitler og Hermann Göring kom raskt til staden, og vart vist van der Lubbe. Göring erklærte straks at kommunistane stod bak brannen, og sette i gang ein kampanje mot kommunistpartiet KPD.

Store delar av den tyske riksdagsbygningen vart fullstendig utbrend. Bilete frå losjen for rikspresidenten ved plenumssalen (tidlegare hofflosjen).
Hermann Göring (ståande med ryggen til), Tysklands ministerpresident, luftfartsminister, riksskogmeister, riksjegermeister, riksmarskalk og innanriksminister i Preussen, under rettssaka etter riksdagsbrannen.

Lubbe vart på grunn av eigen tilståing stilt for retten som einaste gjerningsmann. Men nazistane erklærte så at Komintern hadde beordra brannstiftinga.

Rettssaka fann stad i Leipzig frå 21. september og 23. desember 1933, og ende med Dødsdomm til Lubbe og avretting 10. januar 1934. Dei medanklagede kommunistiske politikarane E. Torgler (tyskar) og G. Dimitrov, B. Popov og V. Tanev (bulgararar som var vorte arrestert i mars) vart frikjent. Frikjenninga kan ha kome av at Dimitrov hadde sparka advokaten sin og forsvart seg sjølv med stor dugleik. Dimitrov målbar sterke argument for at det kunne ha vore nazistane sjølv som stod bak brannen, noko som vart svært pinleg for dem då rettssaka vart overført på riksdekkande radio.

Hitler vart rasande over frifinningane, og erklærte at frå no av skulle ikkje forræderitiltaler lengjer prøvast i det vanlege rettssystemet, men heller i såkalla Volksgerichtshöfe, folkedomstolar. Desse domstolane kunne nazistane kontrollera sjølv, og folkerettane vart seinare berykta for det høge talet på dødsdommar.

Det har seinare vore stor strid om Lubbe faktisk var den skyldige, eller den einaste skyldige. Nasjonalsosialistene ville ha det til at det stod ein større kommunistisk sammensvergelse bak, og hadde allereie den 28. februar byrja arrestasjonane av ei rekkje politiske motstandarar. Blant dei arresterte denne første dagen var den seinare nobelfredsprisvinner Carl von Ossietzky. Seinare vart KPD forbode i Tyskland (1. mars), og leiande kommunistar vart arresterte.

Det har seinare vore spekulert i om nasjonalsosialistene sjølve hadde sett fyr på Riksdagen, nettopp for å oppnå den situasjonen som faktisk følgde, men det har ikkje kome fram sikre haldepunkt for denne påstanden.

Men uansett vart det enno anteke at Lubbe umogleg kunne ha tent på bygningen heilt på eiga hand. Det synest å stå fast at det var stifta brann på mange stader, og i løpet av berre nokoren få minutt. I 2008 vart dødsdommen over Lubbe formelt oppheva.

Sjå òg endre

  • Det tredje riket
  • Machtergreifung («maktovertakinga»), den politiske prosessen 1933–1934 som enda med at nasjonalsosialistene fekk kontroll over Tyskland

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre