63

Riksväg 63 i Sverige går på strekninga Karlstad - Filipstad - Ludvika.

Vegen er skilta mellom Ludvika i nord og Karlstad i sør. Strekninga mellom Ludvika og Kopparberg deler den med Riksväg 50. Vegen er viktig for reiser mellom Värmland/Dalsland og Dalarna/Norrlandskusten. Det er derfor trafikkert av ganske mange lastebilar. Vegen går gjennom relativt tynt folkesett område, derfor er personbilstrafikken ikkje så tett.

Standard og planar endre

Vegen er landsväg heile vegen. Vest for Hällefors er den 7-9 meter brei, medel svingete, mest 90 km/h. Aust for Hällefors er den ganske svingete og smal, 6-8 meter brei. Vegen passerer gjennom alle tettstader, som Molkom, Filipstad, Persberg, Hällefors og Kopparberg.

Det finnast ei forstudie gjord på å retta ut visse kurver og utvide vegen litt på strekninga Lindfors-Brattfors. Det er ingen tidsplan for når dette skal hende og truleg blir det ikkje før etter 2015.

Historie endre

Vegen hadde på 1950-talet vegnummeret 236 Karlstad-Molkom og 233 Molkom – Filipstad – Kopparberg (– Skinnskatteberg – Västerås).

Vegen går for det meste etter eit gammalt strekke. Milsteinane på ein del strekningar langs vegen syner det. Til og med kurvene syner det. Sidan 1950-talet skal riksvägar i Sverige byggast med kurver som ikkje er skarpare enn at ein kan ha ein fart på 90 km/h. Ikkje mykje har blitt bygd dei seinaste tiåra. Jamført med 1940-talet[1] finnast det nyare veg nærast Karlstad som er frå 1970-talet. Ein ny gjennomfart gjennom Filipstad og sør for Hällefors fantest på 1960-talet men ikkje på 1940-talet[2].

Trafikkplassar og kryss endre

Nr Namn Skilting
    Bergmotet E18  
Stockholm Oslo; 236 Hammarö
  ? Rud Lorensberg
  Stockfallsmotet Stockfallet Skåre Djupdalen
  i Molkom 240 Kristinehamn
  i Molkom 240 Hagfors
  i Filipstad 246 Hagfors
  i Filipstad 26 Mariestad
  nær Filipstad 26 Mora
  nær Hällefors 205 Karlskoga, 244 Örebro (rv 63 svinger)
  i Kopparberg 233 Västerås
  nær Kopparberg 50 Falun Örebro

Bakgrunnsstoff endre

  1. KAK:s bilatlas 1946
  2. KAK:s bilatlas 1966