Rila nasjonalpark
42°11′00″N 23°35′00″E / 42.183333°N 23.583333°E
Rila nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Panoramabilete av Rilafjella, eitt av dei prominente trekka ved parken.
| |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Areal | 810,46 km² | ||
Oppretta | 1992 | ||
Rila nasjonalpark 42°11′00″N 23°35′00″E / 42.1833°N 23.5833°E | |||
Wikimedia Commons: Rila National Park | |||
Nettstad: http://rilanationalpark.bg/en/ |
Rila nasjonalpark (bulgarsk: Национален парк „Рила“) er den største nasjonalparken i Bulgaria, med eit areal på 810,46 km² i fjellkjeda Rila sørvest i landet. Han vart oppretta 24. februar 1992 for å verne fleire nasjonalt viktige økosystem. Høgda i parken varierer frå 800 moh. nær Blagoevgrad til 2 925 moh. på fjelltoppen Musala, som er det høgste fjellet på Balkan. Det er 120 bresjøar i parken, mellom dei dei prominente Rilasjøane. Mange elver har opphavet sitt i i parken, mellom dei Maritsa, som er den lengste elva på Balkan, og Iskăr, som er den lengste elva i Bulgaria.
Nasjonalparken ligg i fire av dei 28 oblastane i Bulgaria: Sofia, Kjustendil, Blagoevgrad og Pazardzjik.