Musala
Musala (bulgarsk Мусала) er den høgaste fjelltoppen i Bulgaria og på heile Balkan med ei høgd på 2 925 meter.
Musala | |||
fjell | |||
Musala sett frå Jastrebets. Ein kan òg sjå fjellhytta Musala og uvêrshytta Everest.
| |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Rila | ||
Høgd | 2 925 moh. | ||
Primærfaktor | 2 473 m | ||
Lettast tilkomst | Hengebane frå Borovets, og så ein gåtur. | ||
Koordinatar | 42°10′47″N 23°35′12″E / 42.17972°N 23.58667°E | ||
Musala 42°10′45″N 23°35′07″E / 42.179167°N 23.585278°E | |||
Wikimedia Commons: Musala |
Namnet kjem frå Mus Allah, ‘fjellet til Allah’, og vart namngjeve då Bulgaria var ein del av Det osmanske riket. Det gamle namnet på fjellet var Tangra.
Musala er ein del av Rila nasjonalpark, og er kjend for ein rik flora, inkludert artar som makedonsk furu og bulgarsk gran, og fauna. Området er eit av dei beste for å sjå fuglen murkrypar. Det vert sagt at frå toppen av fjellet kan ein sjå all dei store fjellkjedene i Bulgaria. Desse inkluderer Vitosja i nordvest, Sredna Gora mot nordaust, Balkanfjella i den nordlege horisonten bak Vitosja og Sredna Gora, Rodopifjella i søraust, Pirin i sør, Osogovo og Ruj i vest, i tillegg til sjølve Rila.
Den lettaste ruta til topps er anten ein direkte gåtur frå skisenteret Borovets, 10 km lenger nord. Det finst òg ein hengebane frå Borovets til Jastrebts på 2 369 m og ei rekkje fjellhytter. Frå Jastrebets er det ein times gåtur opp til fjellhytta Musala på 2; 430 meter, og frå her tar det 1,5-2 timar opp til uvêrshytta Everest, den høgastliggande fjellhytta i Bulgaria. På toppen står det òg ein vêrstasjon.
Dei høgaste toppane er Musala på 2 925 m, Litle Musala på 2 902 m og Iretsjek på 2 852 m.
Tre av dei største elvane i Bulgaria, Iskar, Maritsa og Mesta, har alle utspring nær Musala.
Galleri
endre-
Fotturistar nær toppen av Musala. Pyramiden i bakgrunnen er hytta Everest.
-
Ein kan sjå Pirinfjella frå Musala
-
Ein kan sjå kjelda til elva Maritsa frå Musala
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Musala» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2007.