Rim Tim Tagi Dim
«Rim Tim Tagi Dim» Song av Baby Lasagna[1] | ||
Land | Kroatia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 12. januar 2024 | |
Sjanger | Techno, heavy metal, pop, trap | |
Lengd | 02:59 | |
Selskap | Virgin Music Group | |
Låtskrivar(ar) | Marko Purišić[2] |
---|
«Rim Tim Tagi Dim» er ein song av og med den kroatiske artisten Baby Lasagna[3]. Songen vann den kroatiske songkonkurransen Dora 2024 og var det kroatiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.
Om sangen
endre«Rim Tim Tagi Dim» er skriven og komponert av Marko Purišić, kjend under artistnamnet Baby Lasagna.[4] Ifølgje Purišić blei songen skriven av han sjølv på soverommet hans, og var inspirert av ei moglegheit han hadde til å ta ein jobb på eit cruiseskip som han avslo.[5] Songen var opphavleg meint å vere utfyllingssong på det framtidige debutalbumet hans, Demons and Mosquitoes, men Purišić innsåg potensialet til songen etter at han steig i strøymetal og bestemte seg for å sende songen inn til Dora 2024.[6] Den 2. januar 2024 blei «Rim Tim Tagi Dim» offisielt kunngjord som ein reservesong for den kroatiske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2024, Dora 2024.[7]
I ei rekkje intervju uttalte Purišić at songen var inspirert av ei masseutvandring av unge vaksne som forlét Kroatia for betre moglegheiter i framande land.[8][6] For Purišić er songen «ei humoristisk og letthjarta tilnærming» til problemet.[9] Sjølve songen fortel ein historie om ein ung, landleg mann som forlet landsbyen sin for eit betre liv i eit framandt land; sjølv om han er spent, er han fortsatt plaga av angst for å flytte.[8][9][5] Purišić blei også inspirert av sin eigen angst. I songteksten fungerer «rim tim tagi dim» som namnet på ein fiktiv folkedans frå heimbyen til mannen.[10] Lydmessig har «Rim Tim Tagi Dim» element av techno, heavy metal, pop og trap.[11][12][13]
Dora 2024 og Eurovision Song Contest
endreDora 2024
endreDen 2. januar 2024 blei Purišić og «Rim Tim Tagi Dim» kunngjort som reservebidrag i Dora 2024, den kroatiske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest, i tilfelle nokon skulle trekkje seg frå konkurransen.[14] Dagen etter trekte artisten Zsa Zsa seg frå konkurransen, og Purišić overtok plassen hennar.[15]
«Rim Tim Tagi Dim» klarte å kvalifisere seg frå semifinale 2, som blei arrangert 23. februar.[16] Sundag 25. februar vann songen Dora 2024, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Som vinnar blei «Rim Tim Tagi Dim» det kroatiske bidraget til Eurovison Song Contest 2024.[17]
Eurovision Song Contest
endreKroatia deltok i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö.[18] «Rim Tim Tagi Dim» vann semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai.[19][20] I finalen enda låten på andreplass med 547 poeng; 210 poeng frå juryane og 337 poeng frå sjåarane.[21][22] Dette var den beste plasseringa til Kroatia i Eurovision Song Contest til då.[23]
Listeplasseringar
endreListe (2024) | Høgaste plassering |
---|---|
Australia Digital Tracks (ARIA)[24] | 18 |
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[25] | 13 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[26] | 46 |
Global 200 (Billboard)[27][28] | 139 |
Hellas internasjonal (IFPI)[29] | 4 |
Island (Tónlistinn)[30] | 15 |
Kroatia (Billboard)[31] | 1 |
Kroatia (HR Top 40)[32] | 1 |
Latvia (LAIPA)[33] | 6 |
Litauen (AGATA)[34] | 4 |
Litauen Airplay (TopHit)[35] | 36 |
Luxembourg (Billboard)[36] | 16 |
Nederland (Mega Single Top 100)[37] | 41 |
Nederland Tip (Dutch Top 40)[38] | 15 |
Noreg (VG-lista)[39] | 33 |
Polen (Polish Streaming Top 100)[40] | 28 |
Portugal (AFP)[41] | 123 |
Sverige (Sverigetopplistan)[42] | 6 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[43] | 11 |
UK Singles (Official Charts Company)[44] | 36 |
Czech Republic (Singles Digitál Top 100)[45] | 57 |
Tyskland (Media Control AG)[46] | 50 |
Kjelder
endre- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
- ↑ Santos, Pedro (25. februar 2024). «Rim tim tagi dim! Croatia has selected Baby Lasagna for Eurovision 2024». Eurovision World (på engelsk). Arkivert frå originalen 26. februar 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ 5,0 5,1 Guskov, Marina (21. februar 2024). «Croatian Dora 2024: Interview with Baby Lasagna». Eurovision Stars (på engelsk). Henta 25. februar 2024.
- ↑ 6,0 6,1 «Baby Lasagna za HELLO!: Gibonni je kriv za moje suze» [Baby Lasagna for HELLO!: Gibonni is to blame for my tears]. Hello! Magazine. 23. februar 2024. Arkivert frå originalen 26. februar 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ Farren, Neil (2. januar 2024). «Croatia: Dora 2024 Entries to Be Released on January 4». Eurovoix (på engelsk). Arkivert frå originalen 2. januar 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ 8,0 8,1 Adams, William Lee (6. januar 2024). «A heavy heart and anxiety attacks: Baby Lasagna says his Dora song "Rim Tim Tagi Dim" was inspired by young people leaving Croatia». Wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. januar 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ 9,0 9,1 «CROATIA: Baby Lasagna exclusively at OGAE Greece!». OGAE Greece. 10. januar 2024. Arkivert frå originalen 13. mars 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ Jurković, Sanja; J. C. (26. februar 2024). «Baby Lasagna ekskluzivno za Dnevnik Nove TV nakon pobjede na Dori: Lud je osjećaj, još uvijek pokušavam shvatiti što se dogodilo...» [Baby Lasagna exclusively for Dnevnik Nove TV after winning Dora: It's a crazy feeling, I'm still trying to comprehend what happened...]. Dnevnik.hr (på kroatisk). Arkivert frå originalen 26. februar 2024. Henta 27. februar 2024.
- ↑ «Pjesma Baby Lazanje, "Rim Tim Tagi Dim", prva je u trendingu» [Baby Lasagna's song, “Rim Tim Tagi Dim”, is first in trending]. Radio M (på bosnisk). 12. januar 2024. Arkivert frå originalen 28. februar 2024. Henta 28. februar 2024.
- ↑ Angeleski, Zoran (6. januar 2024). «(VIDEO) HOĆE LI NA EUROSONG DEČKO IZ UMAGA Baby Lasagna - Zapamtite ovo: "Rim Tim Tagi Dim"» [(VIDEO) WILL AN UMAG BOY GO TO EUROVISION Baby Lasagna - Remember this: "Rim Tim Tagi Dim"]. Istra24 (på kroatisk). Arkivert frå originalen 10. februar 2024. Henta 28. februar 2024.
- ↑ «Najveći favorit Dore, Baby Lasagna predstavlja spot za pjesmu Rim Tim Tagi Dim» [The biggest favorite of Dora, Baby Lasagna presents a music video for the song Rim Tim Tagi Dim]. Hello! Magazine (på kroatisk). 20. februar 2024. Arkivert frå originalen 26. februar 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ «Croatia 2024: HRT reveal the 'Dora' lineup». Eurovision.tv. European Broadcasting Union. 15. desember 2023. Henta 6. januar 2024.
- ↑ Farren, Neil (3. januar 2024). «Croatia: Zsa Zsa Withdraws From Dora 2024». Eurovoix (på engelsk). Arkivert frå originalen 27. april 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ «Proglašeno još osam finalista Dore!» [Eight more Dora finalists announced!] (på kroatisk). HRT. 23. februar 2023. Henta 23. februar 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (25. februar 2024). «Baby Lasagna wins Dora 2024 and will represent Croatia at Eurovision». Wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 27. april 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». Eurovision Song Contest (på engelsk). European Broadcasting Union. 30. januar 2024. Arkivert frå originalen 30. januar 2024. Henta 25. februar 2024.
- ↑ Carlsson, Isabelle Yr; Little, Tom (7. mai 2024). «Eurovision favourites Croatia, Ukraine qualify for grand final». Reuters. Henta 14. mai 2024.
- ↑ Vautrey, Jonathan (12. mai 2024). «Eurovision 2024 semi-finals: Detailed results show Croatia and Israel won each show». Wiwibloggs (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. mai 2024. Henta 12. mai 2024.
- ↑ Rožman, Klara (12. mai 2024). «Baby Lasagna o finalu, pobjedniku Nemu, bodovima žirija... 'Ponosan sam, dali smo najbolje od sebe'» [Baby Lasagna on the final, the winner Nemo, the jury's points... 'I'm proud, we did our best']. Jutarnji list (på kroatisk). Arkivert frå originalen 12. mai 2024. Henta 14. mai 2024.
- ↑ «Grand Final of Malmö 2024 - Croatia Grand Final Results Allocation». Eurovision Song Contest. European Broadcasting Union. Henta 14. mai 2024.
- ↑ Tudor, Ruxandra (13. mi 2024). «Baby Lasagna receives emotional welcome home party in Croatia after bringing the country its best ever Eurovision result». Wiwibloggs (på engelsk). Henta 14. mai 2024.
- ↑ «The ARIA Report: Week Commencing 20 May 2024». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1785): 9. 20. mai 2024.
- ↑ "Baby Lasagna – Rim Tim Tagi Dim – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
- ↑ "Ultratop.be – Baby Lasagna – Rim Tim Tagi Dim" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «Billboard Global 200: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
- ↑ «Billboard Global Excl. US: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
- ↑ «Official IFPI Charts − Digital Singles Chart (International) − Εβδομάδα: 20/2024» (på gresk). IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2024. Henta 22. mai 2024.
- ↑ «Tónlistinn – Lög» [The Music – Songs - Week 20] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 18. mai 2024. Henta 18. mai 2024.
- ↑ «Croatia Songs: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
- ↑ «HRTOP 40 Week 10 2024» (på kroatisk). top-lista. 11. mars 2024. Arkivert frå originalen 11. mars 2024. Henta 12. mars 2024.
- ↑ «Straumēšanas TOP 2024 – 20. nedēļa» [Streaming TOP 2024 – Week 20] (på latvisk). LAIPA. 20. mai 2024. Henta 13. juni 2024.
- ↑ «2024 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 17. mai 2024. Henta 17 May 2024.
- ↑ «Top Radio Hits Lithuania Weekly Chart: May 23, 2024». TopHit. Henta 5. oktober 2024.
- ↑ «Luxembourg Songs: Week of May 25, 2024». Billboard. Henta 21. mai 2024.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Baby Lasagna – Rim Tim Tagi Dim" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ «Tipparade-lijst van week 20, 2024» (på nederlandsk). Dutch Top 40. 18. mai 2024. Henta 18. mai 2024.
- ↑ «Singel 2024 uke 20». VG-lista. Henta 17. mai 2024.
- ↑ «OLiS – oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 10.05.2024–16.05.2024.) (på polsk). OLiS. Henta 23. mai 2024.
- ↑ "Portuguesecharts.com – Baby Lasagna – Rim Tim Tagi Dim". AFP Top 100 Singles. Retrieved 24. mai 2024.
- ↑ "Swedishcharts.com – Baby Lasagna – Rim Tim Tagi Dim". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "Baby Lasagna – Rim Tim Tagi Dim – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "ČNS IFPI" (in Czech). Hitparáda – Digital Top 100 Oficiální. IFPI Czech Republic. Note: insert 202420 into search.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- Denne artikkelen bygger på «Rim Tim Tagi Dim» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2024.