Baby Lasagna

kroatisk songar

Marko Purišić (fødd 5. juli 1995 i Rijeka), kjend under artistnamnet Baby Lasagna, er ein kroatisk songar, låtskrivar og musikkprodusent. Han representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Rim Tim Tagi Dim», der han enda på andreplass samanlagd med 547 poeng. Songen vann sjåaravrøystinga og blei nummer tre i juryavrøystinga. Dette var det beste resultatet til Kroatia i Eurovision Song Contest sidan debuten som sjølvstendig nasjon i 1993.

Baby Lasagna

Fødd5. juli 1995 (29 år)
FødestadUmag
AliasBaby Lasagna
OpphavKroatia
Aktiv2011–
Sjangerrock, heavy metal, pop-pønk, techno, house
Verka somrockesanger

Bakgrunn

endre

Marko Purišić blei fødd 5. juli 1995 i Rijeka i Kroatia og vaks opp i Umag.[1] Han har ein yngre bror som heiter Martin, som også er musikar og opptredde som medlem av gruppa Mono Inc. fram til juni 2024.[2][3]

Purišić kjem frå ein familie der mora og fleire andre familiemedlemmar jobbar som lærarar. Artisten har uttalt at han mest sannsynleg også ville blitt lærar dersom han ikkje hadde bestemt seg for å satse på ein musikalsk karriere i staden.[4] Derimot jobba han som assistent ved ein barneskule i eit år, før han byrja å studere PR ved VERN-universitetet i Zagreb.[4] Purišić hadde tidlegare studert turisme i Buje og lydteknikk i Ljubljana.[4] Han studerte også multimedia ved Universitetet Nord i Varaždin.[5]

Karriere

endre
 
Purišić som del av bandet Manntra i 2018.

Frå 2011 til 2016, og frå 2018 til 2022, var Purišić gitarist i den kroatiske rockegruppa Manntra.[6] Bandet deltok i den kroatiske Eurovision-uttakinga Dora 2019, og enda på fjerdeplass med låten «In the Shadows».[7] Etter kvart gjekk han over til å satse på ein solokarriere i 2023.[8] Den 21. oktober 2023 gav Purišić ut debutsingelen «IG Boy» under pseudonymet Baby Lasagna gjennom Molly Studios.[9] To månader seinare kom oppfølgjarsingelen «Don't Hate Yourself, But Don't Love Yourself Too Much».[10]

Purišić var blant deltakarane i Dora 2024, den kroatiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Rim Tim Tagi Dim».[11] Der tok han seg vidare frå semifinalen 23. februar 2024 og vann til slutt finalen 25. februar.[12] Songen debuterte på nummer 24 på hitlista HR Top 40, den fyrste listeplassering til Purišić i Kroatia.[13] Etter sigeren i Dora gjekk songen til topps på lista og nådde seinare ein andreplass på Billboards Croatia Songs.[14]

Den 23. mars var Purišić programleiar for musikkprisutdelinga Porin Awards.[15] I april avslørte Purišić at Kroatisk radio og televisjon (HRT) var i gong med å lage ein TV-dokumentar om livet hans og reisa til Eurovision, som skulle sendast før semifinaleframsyninga hans 7. mai.[16] Han avanserte frå semifinalen og vann telefonavrøystinga under finalen laurdag 11. mai. Han blei nummer tre hos juryane og enda samanlagd på ein andreplass, bak sveitsiske Nemo og songen «The Code».

Den 15. mai selde Purišić ut tre konsertar på ŠRC Šalata, planlagde til 12.–14. september, i løpet av få minutt.[17] Han opptredde også på Sea Star Festival i heimbyen Umag 25. mai.[18]

Andre prosjekt

endre

I 2022 var Purišić ein viktig bidragsytar gjennom å skrive fleire songar på det tolvte studioalbumet til Mono Inc., Ravenblack . Dette bidrog til albumets suksess då det nådde fyrsteplassen i Tyskland, den høgaste plasseringa til rockegruppa hittil.[19] Fleire av songene Purišić skreiv, blei gjevne ut som singlar, blant andre «Princess of the Night», «Empire», «Heartbeat of the Dead», «Lieb mich» og «At the End of the Rainbow».[20]

Musikkstil

endre
 
Baby Lasagna under semifinaleprøvane i Eurovision Song Contest 2024.

Purišić kom på artistnamnet sitt i ein eureka-augneblink under ein handletur i Novigrad.[21][22] Ein journalist i N1 Hrvatska, Bruno Šlat, skildra scenestilen til Purišić som «nokre gongar goth, og nokre gongar ei emo-nytolking av Mattel si berømte Ken-dokke».[23]

Purišić nemnde Rammstein, Twenty One Pilots, Electric Callboy og Tonči & Madre Badessa som sine musikalske førebilete.[24][25][26] Musikken hans er blitt skildra som ei blanding av pop-punk, techno, metal og house.[27][28][29] Den musikalske stilen til Purišić er ein sjølvbiografisk historiefortekling, og tek for seg hans personlege erfaringar, samstundes som han tek opp breiare samfunnsspørsmål, spesielt dei som påvirkar heimlandet hans.[30][31] Blant dei klaraste eksempla på dette er «Rim Tim Tagi Dim», som skildrar ein ung gut si reise frå Kroatia på jakt etter ei lysare framtid i eit anna land.[30]

Personleg liv

endre

Purišić er katolikk. I eit intervju med Bitno.net nemnde han Padre Pio og apostelen Paulus som sine andelege førebilete.[32] Han er trulova med Elizabeta Ružić, som oppmuntra han til å starte ein solokarriere.[33]

Kjelder

endre
  1. Gearing Up For Eurovision - Baby Lasagna. Hrvatska radiotelevizija. Henta 25. mai 2024. 
  2. Stošić, Dino. «BabyLasagna ima brata koji se također bavi glazbom, a bio je s njim i na pozornici Dore». Arkivert frå originalen 1. mai 2024. Henta 11. april 2024. 
  3. Gossen, Stephan (26. juni 2024). «Mono Inc.:Val Perun verlässt Band» [Mono Inc.:Val Perun leaves band]. metal1.info. Henta 29. juli 2024. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Debeljak, Hrvoje. «BabyLasagna, favorit na Dori, radio je u školi kao asistent: 'Da se ne bavim glazbom, bio bih učitelj'». Arkivert frå originalen 1. mai 2024. Henta 11. april 2024. 
  5. «FOTOPanel rasprava "Budućnost pripada odvažnima" - i Baby Lasagna studirao na Sveučilištu Sjever - Varaždinske Vijesti». Arkivert frå originalen 16. mai 2024. Henta 16. mai 2024. 
  6. Angeleski, Zoran (5. januar 2024). «Hoćeli na Eurosong dečko iz Umaga». Istra 24 (på kroatisk). Henta 6. januar 2024. 
  7. «Rezervnapjesma postala je favorit: Tko je Baby Lasagna uz čiju pjesmu se već nabrijavaju obožavatelji Dore?». Fashion.hr (på kroatisk). 5. januar 2024. Henta 6. januar 2024. 
  8. Fürst, Petra (4. januar 2024). «Tkoje Baby Lasagna, pjevač koji nastupa na Dori». Index (på kroatisk). Henta 6. januar 2024. 
  9. «Tkoje Baby Lasagna, izvođač koji je dobio šansu na Dori umjesto Zsa Zse? Već je jednom se tamo natjecao». Večernji list (på kroatisk). 5. januar 2024. Henta 6. januar 2024. 
  10. «Evotko je Baby Lasagna, izvođač upečatljivog imena koji je dobio priliku natjecati se za pjesmu Eurovizije umjesto Zsa Zse». Dnevnik (på kroatisk). 5. januar 2024. Henta 6. januar 2024. 
  11. «Croatia2024: HRT reveal the 'Dora' lineup». European Broadcasting Union. Arkivert frå originalen 9. januar 2024. Henta 6. januar 2024. 
  12. Mancheño, JoséMiguel. «BabyLasagna triunfa en el Dora y representará a Croacia en el Festival de Eurovisión 2024». Arkivert frå originalen 25. februar 2024. Henta 25. februar 2024. 
  13. «PjesmeDore 2024. ušle u radijsku rotaciju». top-lista (på kroatisk). 22. januar 2024. Henta 24. januar 2024. 
  14. «CroatiaSongs (uken fra 9. mars 2024)». 5. mars 2024. 
  15. «BabyLasagna stiže na Porin u ulozi prezentera: 'Osjećam malu tremu...'». Arkivert frå originalen 22. mars 2024. Henta 22. mars 2024. 
  16. «BabyLasagna: Volim doći kod roditelja i ne pričati o svemu što se sada događa». Arkivert frå originalen 10. april 2024. Henta 10. april 2024. 
  17. «BabyLasagna rasprodao je i treći koncert! Ulaznice planule, a obožavatelji presretni». Arkivert frå originalen 10. juli 2024. Henta 20. april 2024. 
  18. «UUmag stižu Baby Lasagna, Ofenbach, John Newman, Hot Since 82, Deborah De Luca, Joker Out, Senidah, Buč Kesidi i mnogi drugi!». Arkivert frå originalen 20. mai 2024. Henta 20. mai 2024. 
  19. «ZsaZsu zamijenio zanimljivi konkurent na Dori: Izvođač upečatljivog imena i osebujnog stila». Direktno (på kroatisk). 5. januar 2024. Henta 6. januar 2024. [daud lenkje]
  20. «MarkoPurišić (Author)- Compositions». NoCut (på tysk). 6. januar 2024. Henta 6. januar 2024. 
  21. Milla, Samir. «BabyLasagna otkrio nam je kako je nastala pjesma 'Rim Tim Tagi Dim' i što priprema za Doru». Arkivert frå originalen 26. februar 2024. Henta 26. februar 2024. 
  22. Parlov, Tomislav. «BabyLasagna o Talijanima: 'Nije mi čudno što mi nisu dali niti jedan bod, prepali su se konkurencije'». Arkivert frå originalen 1. mars 2024. Henta 1. mars 2024. 
  23. Šlat, Bruno. «Pjevušiteli već Rim Tim Tagi Dim? Pjesma "igrača s klupe" mogla bi pomesti konkurenciju na Dori». Arkivert frå originalen 10. juli 2024. Henta 28. februar 2024. 
  24. Parlov, Tomislav (6. januar 2024). «BabyLasagna o Dori, usporedbama s Käärijom i najvećem strahu». Scena Story (på kroatisk). Henta 6. januar 2024. 
  25. Šlat, Bruno. «Pjevušiteli već Rim Tim Tagi Dim? Pjesma "igrača s klupe" mogla bi pomesti konkurenciju na Dori». Arkivert frå originalen 10. juli 2024. Henta 28. februar 2024. 
  26. J. C. «BabyLasagna otkrio nam je gdje je bio kad je saznao da će nastupiti na Dori: Tek nakon nekoliko trenutaka shvatio sam što se upravo dogodilo...». Arkivert frå originalen 2. mars 2024. Henta 1. mars 2024. 
  27. Vizinger, Tena (6. januar 2024). «Tko je Baby Lasagna, glazbenik koji je prije nastupao s Manntrom?». Muzika.hr (på kroatisk). Henta 6. januar 2024. 
  28. Barić, Vid (5. januar 2024). «Tko je Baby Lasagna, moguća senzacija ovogodišnje Dore? 'Igrač s klupe' već oduševljava okorjele fanove Eurosonga». Telegram (på kroatisk). Henta 6. januar 2024. 
  29. «jutarnji». Arkivert frå originalen 16. mai 2024. Henta 16. mai 2024. 
  30. 30,0 30,1 Adams, William Lee (6. januar 2024). «A heavy heart and anxiety attacks: Baby Lasagna says his Dora song "Rim Tim Tagi Dim" was inspired by young people leaving Croatia». Wiwibloggs. Henta 8. januar 2024. 
  31. Muir, Ellie. «MeetBaby Lasagna, the maverick singer representing Croatia in the Eurovision 2024 final». Arkivert frå originalen 11. mai 2024. Henta 14. mai 2024. 
  32. Krvavica, Tino. «BabyLasagna: 'S Bogom sam natrag dobio samog sebe'». Arkivert frå originalen 3. mai 2024. Henta 3. mai 2024. 
  33. Baby Lasagna (Croatia Eurovision 2024) | Emporia Lounge Interview in Malmö. wiwibloggs. Henta 9. mai 2024.