Ringerike Folkehøgskole

Koordinatar: 60°9′45.4″N 10°14′35.7″E

Ringerike Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskule som ligg i Hønefoss i Ringerike kommune i Buskerud. Skulen tar imot vel 110 elevar i året og er eigd av Buskerud fylkeskommune. Utanom skuleåret fungerer skuleanlegget som sommarhotell.

Ringerike Folkehøgskole
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagt1876
FylkeBuskerud
KommuneRingerike
TettstadHønefoss
AdresseAskveien 26, 3510 Hønefoss
RektorMorten Eikenes
Elevar113
EigarBuskerud fylkeskommune

Skulen var etablert i januar 1876, som den fyrste amtsskulen i Buskerud. I perioden 1882 til 1914 flytte skulen mellom fleire bygder i Buskerud, mellom anna Modum, Nedre Eiker, Lier, Røyken, Hurum, Klekken, Hen og Steinsfjerdingen. I 1914 endra skulen namn til Ringerikes faste Amtsskole og i 1918 vart namnet endra til Ringerike Fylkesskole. Sidan 1936 har skulen lege der han ligg i dag. Skulen har til saman tre internatbygningar som vart oppført i åra 1953, 1962 og 1972. I 2014 vart teaterbygget ved skulen ferdigstilt.

Linjefag ved skulen i 2015:Endra

  • Dans - New York - Lanzarote
  • Design & Fashion - New York
  • Global Solidaritet - Kenya - India
  • Multisport - Alpene - Lanzarote
  • Musikk & Teater - London
  • Stand Up & Revy - Dublin - London
  • Visual Arts - New York - Barcelona

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra