Ringgold Knoll er eit fjell i Antarktis som ligg 9 nautiske mil (17 km) sør for Archer Point på austsida av Matusevichbreen. Den 16. januar 1840 såg kapteinløytnant Cadwalader Ringgold på «Porpoise», eit av skipa under US Exploring Expedition (1838–42) under Wilkes, eit stort, mørkt fjell i denne retninga. Det vart namngjeve Ringgold's Knoll på eit kart av Wilkes. I 1959 undersøkte Phillip Law frå ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) stader i området. Det var ikkje mogeleg å identifisere fjellet som vart sett av Ringgold, men dette fjellet låg høvande til nær Reynolds Peak og Eld Peak som var teikna ned på kartet til Wilkes. Det vart valt ut av Law til å få namnet til Wilkes.

Ringgold Knoll
fjell
Land  Antarktis
Topp Oates Land
 - koordinatar 69°20′S 157°39′E / 69.333°S 157.650°E / -69.333; 157.650
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ringgold Knoll
69°20′00″S 157°39′00″E / 69.3333°S 157.65°E / -69.3333; 157.65
Ringgold Knoll is located in Antarktis
Ringgold Knoll (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ringgold Knoll» (innhald frå Geographic Names Information System).