63°20′07″N 7°48′50″E / 63.33528°N 7.81389°E / 63.33528; 7.81389

Ringsøya
øy
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Smøla
Høgaste punkt 20 moh.
Folketal 0
Kart
Ringsøya
63°20′05″N 7°48′48″E / 63.33461°N 7.81339°E / 63.33461; 7.81339

Ringsøya er ei øy i Smøla kommuneNordmøre, sørvest for øya Smøla. Øya har ikkje fast busetjing. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.

Ringsøya vart truleg ikkje busett før 1860-talet. Eit firma i Kristiansund kjøpte øya for å byggja opp eit fiskevær der. Øya fekk stoppestad for rutebåt i 1880, postopneri i 1888 og telefon i 1905. Ved folketeljinga i 1900 var folketalet 48 personar.[1] På 1950-talet vart rutebåten innstilt. Det var snakk om å byggja veg over Jøa til hovudøya Smøla, men dette vart ikkje noko av. I staden vart øya gradvis fråflytta.

Ringsøya var del av Edøy kommune fram til 1960.

Kjelder

endre