Rivne (ukrainsk Рівне) eller Rovno (polsk Równe; russisk Ровно; jiddisk ראָוונע) er ein historisk by vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Rivne oblast (provins) og det omliggande Rivne rajon (distrikt) i oblastet.

Rivne
ukrainsk Рівне, russisk Ровно, Rovno
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Rivne oblast
Koordinatar 50°37′N 26°15′E / 50.617°N 26.250°E / 50.617; 26.250
Areal 58,24 km²
Folketal 247 750  (2010)
Folketettleik 4 254 / km²
Borgarmeister Volodymyr Khomko
Tidssone CET (UTC+2)
 - Sommartid CEST (UTC+3)
Kart
Rivne
50°37′11″N 26°15′05″E / 50.619722222222°N 26.251388888889°E / 50.619722222222; 26.251388888889
Wikimedia Commons: Rivne
Nettstad: www.city-adm.rv.ua/

Rivne er eit viktig transportknutepunkt med den internasjonale Rivne lufthamn og jernbanesamband til Zdolbuniv, Sarny og Kovel, samt motorvegar til Brest, Kiev og Lviv.

Byen har kring 250 000 innbyggjarar (2010).

Historie endre

Rivne vart først nemnd i 1283 som ein av busetnadane i Halytsj-Volhynia. Frå andre halvdel av 1300-talet var han under Storhertugdømet Litauen og frå 1569 i Det polsk-litauiske samveldet. I 1492 fekk byen Magdeburgrettar. Etter delinga av Polen vart Rivne i 1793 ein del av Det russiske imperiet og i 1797 varet han administrastivt senter i Volhynian guvernement.

Under første verdskrigen og i kaosperioden kort tid etter, var han ei kort stund under tyske, ukrainske, bolsjevikiske og polske styrkar. I april-mai 1919 var Rivne mellombels hovudstad i Den ukrainske folkerepublikken. Då krigen var over vart byen, ein del av polske Volhynia voivodskap i mellomkrigstida.

I 1939, som følgje av Molotov-Ribbentrop-pakta og delinga av Polen, vart Rivne okkupert av Sovjetunionen. Frå desember same året vart Rivne senter i det nyoppretta Rivne oblast i Ukrainske SSR. Den 28. juni 1941 vart Rivne erobra av Nazi-Tyskland, som sidan gjorde byen som administrativt senter i Reichskommissariat Ukraina. På den tida var halvparten av innbyggjarane i Rivne jødar. Av desse vart kring 23 000 tekne til ein furuskog i Sosenki og myrde mellom 6. og 8. november. Ein ghetto var toppretta for dei gjenverande 5000 jødane. I juli 1942 vart dei sende 70 km nord til Kostopil der dei vart avretta. Seinare vart det bygd eit stort minnesmerke for dei.

2. februar 1944 vart byen frigjort av den raude armeen i slaget ved Rovno og vart verande ein del av Sovjetiske Ukraina fram til oppløysinga av Sovjetunionen i 1991.

I 1958 byrja TV-tårnet i byen kringkastinga si. I 1969 gjekk den første trikken gjennom byen og same året vart Rivne lufthamn opna.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre