Rivsfjell er eit fjellområde i Tinn kommune i Telemark. Området ligg sør-sørvest for Vegglifjell og nordvest for Blefjell. Rivsfjell ligg som ei fjellrygg i nord–sør-retning. Vestsida heller slakt ned mot Austbygde og Tinnsjå, medan austsida stupar bratt ned mot Skirvdalen.

Rivsfjell
fjell
Land  Noreg
Område Tinn (Telemark)
Høgd 1 220 moh.
Kart
Rivsfjell
59°59′45″N 8°55′13″E / 59.99588889°N 8.92013889°E / 59.99588889; 8.92013889

Dei høgaste toppene er Helletjørnnutan (1220 moh.) og Haugefjellet (1214 moh.).

Det er ingen turisthytter på Rivsfjell. Den næraste er Daggrøhytta, nokre kilometer lenger aust.