Tinnsjå
Tinnsjå, også kalla Tinnsjøen eller Tinnsjø, er ein innsjø delt mellom kommunane Tinn og Notodden i Telemark. Innsjøen har eit areal på 51 km² og er 460 meter på det djupaste. Frå vest kjem Måna frå Møsvatnet og Rjukan, frå nord kjem elva Mår frå innsjøen Mår, Gøystavatnet og Kalhovdfjorden. Tinnsjå er ein del av Skiensvassdraget, og vert drenert via Tinnelva i sør, ned til Heddalsvatnet. Tinnsjå er den fjerde djupaste innsjøen og den tjuande største.
Tinnsjå | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommunar | Notodden, Tinn | ||
Høgd over havet | 187-191 moh. | ||
Areal | 51,38 km² | ||
Middeldjupn | 189 m | ||
Største djupn | 460 m | ||
Volum | 9,71 km³ | ||
Kystlengd1 | 95,47 km | ||
Koordinatar | 59°52′38″N 08°55′52″E / 59.87722°N 8.93111°E | ||
Tinnsjå 59°54′00″N 8°55′00″E / 59.9°N 8.9166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Tinnsjå | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Under den andre verdskrigen, i 1944, vart tinnsjøferja DF «Hydro» sprengt av norske motstandsfolk på Tinnsjøen. om bord hadde ho ei last med tungtvatn. Vraket av ferja vart lokalisert av eit dykkarlag frå Notodden i 1993. I 2004 vart vraket igjen undersøkt då eit amerikansk filmselskap skulle gjere opptak av vraket. Dei fikk opp fat som inneheldt tungtvatn (deuterium).