Vegglifjell er eit fjellområde som ligg nordvest for Veggli i Numedal og nord for Rivsfjell. Området ligg på grensa mellom Rollag og Nore og Uvdal kommune i Buskerud og Tinn kommune i Telemark. Fjellområdet strekkjer seg mot nordvest og går over i området rundt Imingfjellet og vidare mot Hardangervidda.

Utsikt mot aust, frå Tjørnegrønuten.

Den høgaste toppen er Skirveggen (1381 moh.).