Roald Helgheim

Roald Ola Helgheim (fødd 23. august 1942 i Jølster)[1] er ein norsk journalist, mest kjend som musikkmeldar og politisk kommentator.

Roald Helgheim
Fødd 23. august 1942 (78 år)
Jølster
Yrke journalist

Helgheim er utdanna cand.mag. i fysikk og matematikk. Han engasjerte seg i den norske ml-rørsla, og byrja å arbeida i Klassekampen alt i 1970, då avisa enno berre kom ut ein gong i månaden. Han var sentral i etableringa av Klassekampen som vekeavis i 1973 og dagsavis i 1977. Han slutta i avisa i samband med konflikten i Klassekampen i 1997, då Jon Michelet vart tilsett som ny redaktør.

Året etter forfatta han coverteksta til Christian Wallumrøds No birch.

Helgheim har vore journalist for musikkavisa Puls, for Dagsavisen og for vekeavisa Dag og Tid.

I eit intervju etter å ha vunne Ella-prisen rangerte jazzjournalisten dei to konsertane med John Coltrane i Njårdhallen (November 1963) og Miles Davis på Moldejazz (1984) høgast, følgt av M. A. Numminen ved Moldejazz (Ludvig, 1992) og Chick CoreaMoldejazz i 2000.[2]

PrisarEndra

  • Molderosen (1988)
  • Vinjeprisen 1990
  • Oslo Jazzhus' ærespris (1992)
  • Oslo Jazzfestivals pris, Ella-prisen (2003).[3]

ReferansarEndra

  1. Bente Thoresen: Stri sunnfjording, 70-årsomtale i Klassekampen 17. august 2012
  2. Lars West Johnsen (16.8.2003). «Så mye jazz, så lite tid». Dagsavisen. 
  3. Helgheim vinner jazzpris, Norsk Musikkinformasjon (13.8.2003)