Roar Berthelsen (3. november 19341. august 1990) var ein lengdehoppar frå Mandal i Vest-Agder. Han vann gullmedaljen i lengdehopp under Friidretts-NM åra 1954, 1956, 1957 og 1959. Berthelsen var norsk rekordhaldar i øvinga frå 1959 til 1968. Han var medlem i Mandal og Halse IL til 1954, sidan representerte han IK Tjalve.

Roar Berthelsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. november 1934
Mandal kommune
Død 1. august 1990 (55 år)
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1960

Berthelsen var landets beste lengdehoppar i 1954. Midt i august vart han noregsmeister på svake 6,99 m, to veker seinare deltok han EM i friidrett 1954 og vart nummer 11 med 7,16 meter. I september månad forbetra han sin personbeste med to cm til 7,29 m i Oslo, før han den 14.9.1954 la på til 7,32 meter då han i Aten vann øvinga under ein landskamp mot Hellas. Sommaren 1956 flytta han den personlege rekorden to gongar, sist til 7,46 m i Stockholm. Den 25. august 1959 fekk Berthelsen fullklaff ved eit stemne på Bislett stadion i Oslo. Med eit hopp på 7,62 meter sletta han den 20 år gamle noregsrekorden på 7,54 m. Han fekk vere med til Sommar-OL 1960 i Roma, der han med 7,09 m i kvalifiseringa enda på ein 29. plass.

Medaljar i noregsmeisterskap

endre

Roar Berthelsen var gift med Berit Berthelsen.

Kjelder

endre