Robbie Winters (fødd 4. november 1974 i East Kilbride) er ein skotsk fotballspelar.

Robbie Winters
Personleg informasjon
Fødd 4. november 1974
Fødestad Skottland East Kilbride
Høgd 177 cm
Posisjon Angrepsspelar
Ungdomsklubbar
1991 Skottland Muirend Amateurs
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1992-1997
1998-2001
2002
2002-2008
2009
2009
Skottland Dundee United
Skottland Aberdeen
Luton Town
Noreg SK Brann
Skottland Clyde FC
Skottland Livingston FC
066 (17)
135 (42)
001 0(0)
0115 (41)
001 0(0)
029 (11)
Landslag
1999 Skottland Skottland 001 0(0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. august 2007

Etter å ha spelt for amatørklubben Muirhead, fekk han sin første profesjonelle kontrakt med Dundee United i 1992. Der scora han 41 mål på 147 kampar, før han gjekk til Aberdeen i 1998. Han heldt fram med å gjera det bra der, og fekk sin landslagsdebut for Skottland mot Tyskland som innbytar i 1999. Han scora 45 mål på 152 kampar for Aberdeen.

Men klubben fekk i 2002 store økonomiske problem, og fristilte fleire av spelarane sine frå kontraktane. Mens Cato Guntveit reiste heim til Brann, valde Winters å prøva seg i denengelske klubben Luton Town i andredivisjon. Luton Town var på jakt etter ein venstrekant og etter ein to vekers prøveperiode for Winters uttalte leiinga at Winters ikkje var den typen spelar dei var på jakt etter. Han hadde fått spela ein liga kamp for klubben. Winters slo så fylgje med den gamle lagkameraten sin Guntveit for å bli Brann sin redningsmann i 2002, då klubben kjempa med nebb og klør for å unngå nedrykk. Winters blei på langt nær den målscoraren klubben håpa han skulle bli, og blei av mange rekna som ein av Brann sine mange dårlege investeringar dette året. Etter å ha fått prøva seg nokre få kampar som spiss, blei han etterkvart flytta ut som kantspelar før benken blei neste stopp. Det var tydeleg å sjå at Winters mangla kamptrening og var ute av form.

Likevel blei han i Brann i 2003, og etter ein skadeforfulgd vårsesong, blei Winters ein av Brann sine viktigaste spelarar på hausten då klubben med god margin sikra plassen i eliteserien. Trenaren Mons Ivar Mjelde sa til pressa etter sesongslutt at han meinte Winters kanskje var den viktigaste spelaren han hadde.

I 2004 heldt framgangen fram. Brann vann cupen, der Winters scora 12 mål på seks kampar, inkludert eitt mål i cupfinalen. I tillegg hadde han ein svært god sesong i eliteserien, og blei kåra til årets beste spelar i Noreg av VG. I 2005 var ikkje Winters like synleg som året før i Brann-drakta, noko som hadde samanheng med at han mista store delar av sesongoppkøyringa på grunn av skadar. Han scora likevel fleire viktige mål i tillegg til at han la opp til mange scoringar.