Cato Guntveit

norsk fotballspelar

Cato Guntveit (fødd 6. august 1975 i Bergen) er ein norsk fotballspelar, som i 2011 spelar for Øystese i 3. divisjon. Han spelte mesteparten av karrieren sin for Brann der han òg var kaptein. Han har òg spelt for Aberdeen og Fana.

Cato Guntveit
Personleg informasjon
Fullt namn Cato Falck Guntveit
Fødd 6. august 1975
Fødestad Drammen
Høgd 178 cm
Posisjon Back/wing (høgre, venstre)
Klubbinformasjon
Noverande lag
Øystese
Ungdomsklubbar
Noreg Fana IL
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-99
1999-2001
2002-10
2010-
Noreg SK Brann
Skottland Aberdeen
Noreg SK Brann
Noreg Øystese
78 (4)
69 (5)
95 (3)
0 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. november 2010

Guntveit debuterte for Brann som 20-åring i 1995 og vart, spesielt i tida før Hallvar Thoresen vart sparka som trenar, nytta mykje på sidebackane. Etter at Kjell Tennfjord tok over som Brann-trenar vart det mindre speletid på Guntveit, og i dei neste sesongane var han mykje inn og ut av laget.

I 1998-sesongen fekk han igjen moglegheit som back, men vart den store syndebukken då Brann tapte for Viking i den tradisjonsrike 16. mai-kampen. Han var så skuffa over sin eigen innsats at han nekta å gå bak Brann si fane under hovudprosesjonen i Bergen17. mai. Ironisk nok kom det store gjennombrotet hans berre nokre få veker etterpå. Guntveit vart flytta opp på høgresida av midtbanen av laget sin nye trenar Harald Aabrekk, der han umiddelbart vart ein suksess. Han fekk mykje av æra for Brann sin gode haustsesong i 1998 og bidrog sterkt til at Brann tok bronsemedaljen i eliteserien i 1999 og at klubben nådde cupfinalen same året.

Hausten 1999 vart han utanlandsproff i den skotske Premier League-klubben Aberdeen. Der markerte han seg som pliktoppfyllande spelar, men sleit òg i periodar med skader. Sommaren 2002 bestemte Guntveit seg for å returnera til Brann, men det tok nesten eit år før han vart speleklar på grunn av ein mystisk skade. Då han endeleg kom på banen, fekk han mykje av æra for at Brann gjorde ein svært god haustsesong i 2003 etter ein elendig start på sesongen.

I 2004 vart Guntveit Brann sin lagkaptein, men då Brann vann cupen var det utan Guntveit på banen under cupfinalen mot Lyn på grunn av for mange gule kort. Han beheldt kapteinsvervet til tross for at Brann henta landslagskaptein Martin Andresen før 2005-sesongen.

Guntveit la opp som profesjonell fotballspelar etter 2010-sesongen, men skal spela 3. divisjonsfotball for Øystese i 2011.

Guntveit blir rekna som ein spelar med ein oppofrande spelestil, som er kjent for å gå på smarte løp. Samstundes vert det peika på at han manglar stabilitet. Han passar best som indreløpar på midtbanen eller som kantspelar, men allsidigheita hans har gjort at eigenskapane hans er blitt ofra for Brann sitt behov for ein back dei siste sesongane.