Robert von Ranke Graves (24. juli 18957. desember 1985) var ein britisk diktar, omsetjar og romanforfattar. Graves gav i alt ut over 140 enkelttitlar innanfor ei rekkje sjangrar, men utover poesien sin vil han nok bli hugsa best for dei historiske romanane sine og bøkene om mytologi.

Robert Graves

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 24. juli 1895
Wimbledon i London
Død

7. desember 1985 (90 år)
Deyá

Yrke lyrikar, romanforfattar, omsetjar, skodespelforfattar, manusforfattar, universitetslærar, militær, litteraturkritikar, science fiction-forfattar, mytograf, skribent, teaterkritiker
Sjanger essay
Far Alfred Perceval Graves
Mor Amalie von Ranke
Ektefelle Nancy Nicholson, Beryl Pritchard
Born Lucia Graves, Tomás Graves, Jennifer Graves, David Graves, Catherine Graves, Samuel Graves, William Graves, Juan Graves
Robert Graves på Commons

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Robert Graves var fødd i Wimbledon i London som son av den engelsk-irske forfattaren Alfred Perceval Graves og yngre halvbror til forfattaren Philip Perceval Graves.[1] Historikaren Leopold von Ranke var onkelen til mora hans.

Han busette seg på Mallorca i 1929, der han òg døydde og er gravlagd.

Forfattarkarriere

endre

Den fyrste boka til Graves kom ut i 1916, medan han sjølv kjempa på vestfronten. Ut over 1920-talet utgav han ei rekke diktsamlingar og bøker om poesi.

Eit av dei best kjende verka hans er romanen I, Claudius (1934), som gjennom tv-serien med same namn frå 1976 fekk eit stort publikum. Medan desse utgivingane førte til eit kommersielt gjennombrot, var dikta hans stort sett pris på av eit mindre publikum. I 1948 gav han ut The White Goddess, ei essayistisk undersøking av gammal europeisk mytologi og poesi. Han er òg kjend for eit mykje brukt kompendium i gresk mytologi, Greek Myths, som fyrst blei gitt ut av Penguin Books i 1955 – det omfattande verket innehld også fleire av forfattaren sine eigne tolkingar.

Graves var professor i lyrikk i Oxford frå 1961 til 1966.

Eit utval av dikta til Graves blei gjendikta på norsk av Ulrik Farestad og utgitt av Bokvennen Forlag i 2010.[2]

Privatliv

endre

Robert Graves hadde åtte barn. Med den fyrste kona si Nancy Nicholson fekk han Jennie (som gifta seg med journalisten Alexander Clifford), David (som blei drepen i andre verdskrigen), Catherine (som gifta seg med den kjernefysiske forskaren Clifford Dalton) og Sam. Med den andre kona si, Beryl Graves (1915–2003), fekk han barna William, Lucia (òg ein omsetjar), Juan og Tomás (forfattar og musikar).[3]

Prisar (utval)

endre

Kjelder

endre
  1. Ballylickey Manor History Arkivert 1. juli 2010 på Wayback Machine.
  2. Robert Graves: Nye legender, Ulrik Farestad (Gjendikter), Bokvennen Forlag, ISBN 9788274882249.
  3. «Obituary – Beryl Graves», The Guardian, 1. november 2003