Robert Pirès
Robert Emmanuel Pirès (fødd 29. oktober 1973) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Reims som vart europameister i 2000 med Frankrikes landslag og deltok i VM i fotball 1998. På klubbnivå er kantspelaren særleg kjend for si tid i Arsenal-drakta, der han sanka tre FA-cuptitlar og to ligameisterskap.
Robert Pirès i 2011 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Robert Emmanuel Pirès | ||
Fødselsdato | 29. oktober 1973 (51 år) | ||
Fødestad | Reims i Frankrike | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1993-1998 | Metz | 162 | (43) |
1998-2000 | Marseille | 66 | (8) |
2000-2006 | Arsenal | 189 | (62) |
2006-2010 | Villarreal | 103 | (13) |
2010-2011 | Aston Villa | 9 | (0) |
2014-2015 | FC Goa | 8 | (1) |
Totalt | 537 | (127) | |
Landslag | |||
1996-2004 | Frankrike | 79 | (14) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endrePirès spelte på FC Metz frå 1992 til -98. Etter to sesongar i storklubben Olympique Marseille hyrte den franske trenaren Arsène Wenger han sommaren 2000 til spel for Arsenal FC i England. I London-klubben var Pirès i 2002 med å vinne både ligaen og FA-cupen. Året etter vart han matchvinnar då Arsenal slo Southampton FC 1-0 i finalen i FA-cupen. Sidan vart han ligameister 2004, medan han i 2005 var med å vinne FA-cupen for tredje gong. Våren 2006 vart han teken av bana tidleg i meisterligafinalen mot FC Barcelona, ettersom Arsenal-målvakta Jens Lehmann vart utvist og ny målvakt måtte inn. Arsenal tapte kampen 1-2 i det som var Pirès avskjed med klubben. Sommaren 2006 fekk han kontrakt med den spanske La Liga-klubben Villarreal CF, der han vart verande til 2010. Sidan spelte han nokre få kampar for engelske Aston Villa i 2010/11-sesongen.
Landslagsspel
endrePirès deltok i tre av VM-kampane under Fotball-VM 1998 på fransk heimebane, sist i oktofinalen mot Paraguay. To år seinare var han innbytar då Frankrike i EM-finalen slo Italia 2-1 etter ekstraomgangar. Han var ikkje med verdsmeisterskapen 2002, men spelte då Frankrike i kvartfinalen vart slått ut or EM 2004 av komande europameister Hellas. Pirès spelte sin 79. og siste landskamp på Kypros i oktober 2004, litt over åtte år debuten mot Mexico i Paris. Han stod for 14 nettkjenningar på landslaget.
Merittar
endre- VM-gull: 1998 med Frankrike
- Europameister 2000 med Frankrike
- Fransk ligacupvinnar: 1996 med FC Metz
- Engelsk seriemeister 2002 og 2004 med Arsenal FC
- FA-cupmeister: 2002, 2003 og 2005 med Arsenal FC
- Finaletap i meisterligaen: 2006 med Arsenal FC
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Robert Pirès» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2018.