Clara Schumann

tysk pianovirtuos og komponist

Clara Josephine Wieck Schumann (13. september 181920. mai 1896) var ein tysk pianovirtuos og komponist frå romantikken.

Clara Schumann

Fødd13. september 1819
FødestadLeipzig
Død20. mai 1896 (76 år)
DødsstadFrankfurt am Main
FødenamnClara Josephine Wieck
OpphavKongeriket Sachsen
Sjangerromantisk musikk
Instrumentpiano
Verka sompianist, komponist, musikkpedagog
MorMariane Bargiel
FarFriedrich Wieck
Gift medRobert Schumann
BornEugenie Schumann, Felix Schumann, Julie Schumann, Marie Schumann-Hettich, Ferdinand Schumann, Elise Schumann, Emil Schumann
Clara Wieck i 1828, rundt tida for den fyrste opptredenen hennar som pianist. Utsnitt av ein miniatyr i elfenbein
Clara Wieck 15 år gammal. Litografi av Julius Giere frå 1835. Notane er av hennar eigen klaverkonsert op. 7.
Clara Schumann, Pastellteikning av Franz von Lenbach etter skisser frå 1878[1]

Saman med namn som Franz Liszt, Frédéric Chopin og Anton Rubinstein høyrer Clara Schumann til ein av dei beste pianistane på 1800-talet. Ho reformerte klaverspelet ved å krevja at ein spelte absolutt notetru, og ho medverka dermed sterkt til det som er fortolkingspraksis i dag.

I løpet av si 61 år lange karriere endra Clara Schumann formatet til pianokonserten og repertoar. Dei gjekk frå å vera ei plattform for framvising av virtuositet til ein kanonisert og standardisert konserttype, basert på verk frå den klassisk-romantiske perioden. I prosessen endra ho smaken til publikum.

Clara Schumann bidrog i betydeleg grad til å gjera ektefellen Robert Schumann sin musikk kjend og akseptert i Europa, både gjennom konsertverksemda si og ved å redigera og gje ut verka hans. Clara sine eigne komposisjonar har fyrst i seinare tid vorte vigd merksemd.

Liv og karriere endre

Oppvekstår endre

Clara Wieck var dotter av Friedrich Wieck og Mariane Tromlitz. Faren hennar var teolog- og klaverutdanna, mora var songar og pianist. Foreldra vart skilde medan Clara var lita, og ho vaks opp hos faren. Frå Clara var rundt fem år gammal fekk ho klaverundervisinga lagt opp etter ein klaverpedagogisk metode utvikla av faren. I metoden inngjekk ei mengd element. Det dreidde seg om blant anna ei målretta anslagsutdanning, gehørutvikling, partiturstudium, improvisasjon, samspel, analyse, fortolkings- og repertoarstudium, satslære, kontrapunkt, fiolin og song. Clara måtte òg læra seg fransk og engelsk. Den yngre halvsystera Marie Wieck, som fekk same utdanning, vart ein kjend pianist og songar, men fekk aldri same ry som Clara.

Clara si utvikling som pianist var svært rask. Sjølv rekna ho ein konsert 20. oktober 1828 som den offentlege debuten sin, og denne markerte starten på ein over 60 år lang strålande konsertkarriere.[2] Ho byrja òg å komponera i ung alder. Quatre Polonaises op. 1 vart publisert då ho var ti eller elleve år gammal. Snart følgde Caprices en forme de Valse, Valses romantiques, Quatre Pièces Caractéristiques, Soirées Musicales, ein klaverkonsert og mykje anna.

Clara Wieck vart kjend med Robert Schumann i 1828, då ho var åtte-ni år gammal.[3] Frå oktober 1830 budde han eit års tid hos Wiecks for å få undervising av far til Clara. Mot slutten av 1835 utvikla det seg ein romanse mellom Schumann og den 16 år gamle Clara. To år etter bad Schumann om samtykke frå Friedrich Wieck til å gifta seg med Clara. Sjølv om Robert var ein lovande komponist og allereie ein temmeleg vellukka musikkredaktør, forbaud far til Clara all kontakt mellom dei. Faren hadde gjennom heile oppveksten til dottera freista å få full kontroll over henne, og denne hangen fekk no tyranniske dimensjonar. Han stelte til fleire konsertturnear for å sikra at dei blei haldne geografisk skilde frå kvarande, og overvakte ho nærast døgnet rundt. Ein gong sende han henne i 1837 til vener i Dresden. Akkurat denne taktikken slo feil då det viste seg at venene tok stilling for det unge kjærasteparet. Brev Clara skreiv til Robert i all løyndom tyder på at faren nekta ho tilgang til blekk:

«Ikke kritisér meg for at jeg skriver så fryktelig stygt, men forestill deg meg her jeg står og skriver med arket liggende på kommoden. Hver gang jeg skal stikke pennesplitten i blekkhuset må jeg løpe inn i den andre stuen.»[4]

Og ein annan gong:

«Jeg ber deg, ikke vær sint på meg for at brevet blir så kort, men ta hensyn til at klokken er ti og jeg står i rommet mitt og skriver med hjertet fullt av angst»[5]

I september 1839 gjekk Clara og Robert rettens veg for å få løyve til å gifta seg. Etter å ha halde ut uthalingstaktikken til faren, gifta dei seg endeleg den 12. september 1840, dagen før Clara fylte 21 år og uansett nådde myndig alder.

Samliv med Robert Schumann endre

 
Seks av dei åtte borna, ambrotypi frå 1854.

Clara og Robert Schumann fekk i åra 1841 til 1854 åtte born. Sju av dei vaks opp. Yngstebornet, Eugenie (1851–1938) vart ein kjend pianist og forfattar.

Dei første fire åra budde ekteparet i dagens Schumann-Haus i Leipzig. Personar som Felix Mendelssohn Bartholdy, H.C. Andersen og Franz Liszt var hyppige gjester i heimen som hadde ein eigen sal der det vart arrangert konsertar og opplesningar.

Samlivet med Robert vart ikkje heilt som Clara hadde førestilt seg. Ho var fri frå kontrollregimet til faren, men ektemannen var heller ikkje heilt framand for å kontrollera henne. Likevel kunne ho no ta igjen det ho hadde mista av allmenndanning under faren sitt tyngande opplærings- og konsertprogram. Clara las mykje, blant anna Goethe, Shakespeare og Jean Paul, og påverka av mannen kunne ho konsentrera seg om musikken til tungvektarar som blant anna Johann Sebastian Bach, Ludwig van Beethoven og Frédéric Chopin, i tillegg til Robert Schumann sjølv.

Dei første åra unngjekk Clara å reisa på konsertturnear. Robert ville ha ho ved si side, men hindra samstundes at ho fekk øvd tilstrekkeleg fordi spelinga hennar forstyrra han i hans eige arbeid. Han la seg òg opp i komposisjonane hennar, vende tommelen ned for konsertant virtuositet og bravur, og ville at ho skulle byrja å skrive meir som han sjølv gjorde. Dei levde på ein relativt høg fot, og det viste seg snart at utan dei store inntektene frå konsertverksemda hennar, sleit familien med å halda hovudet over vatnet. Til slutt fekk ho gjennom viljen sin om å reisa på konsertturnear igjen. Konsertane kom òg ektemannen til gode ved at ho bidrog til å gjera musikken hans kjend i Europa, framfor alt etter at han var død.[2]

I periodar hadde Robert Schumann problem med den psykiske helsa si og sleit iblant med sjølvmordstankar. Frå tidleg 1854 forverra tilstanden seg alvorleg, og 4. mars 1854 vart han lagt inn på eit psykiatrisk sjukehus ved Bonn der han budde heilt fram til han døydde drygt to år seinare.

Joseph Joachim og Johannes Brahms endre

 
Clara Schumann (1896)
 
Detalj frå Schumann-gravsteinen på Altar Friedhof Bonn. Clara Schumann er framstelt som ein muse sitjande ved sin mann sine føter.

Clara og Robert møtte fiolinisten Joseph Joachim første gong i november 1844. Då var Joseph rundt 14 år gammal.[6] Clara og Joachim vart etterkvart gode vener og ho spelte fleire konsertar saman med han enn med nokon annan.[7][8] Dei vart spesielt kjende for framføringane sine av Beethoven sine sonatar for fiolin og klavar.[9]

Våren 1853 kom den då ukjende 20 år gamle Johannes Brahms til Clara og Robert Schumann sin heim i Düsseldorf. Med seg hadde han eit introduksjonsbrev frå Joseph Joachim. Brahms spelte nokre av sine eigne klaverstykke for dei, og djupt imponert skreiv Clara i dagboka at Brahms var som gudesendt.[10] 23. oktober 1854 framførte ho «Andante» og «Scherzo» frå Brahms' Pianosonate nr. 3 i f-moll. Dette er den første kjende offentlege framføringen av Brahms-stykke.[11] Seinare urframførte ho enkelte andre av verka til Brahms, til dømes Variasjoner og fuge over et tema av Händel.[12]

Etter at Robert vart lagt inn på institusjon, budde Brahms hos Clara Schumann og følgde ho på konsertreiser. Nyare biografiar om Clara Schumann stiller spørsmål om kva som eigenleg skjedde mellom dei to.

Dei siste årtiene endre

Etter at ektemannen døydde sende Clara fem av borna til oppfostring hos andre. Berre dei to yngste, Eugenie og Felix, vart heime igjen hos henne. I oktober 1857 flytta ho til Berlin, og i 1863 slo ho seg ned i Baden-Baden.[13]

I Baden-Baden var ho i eit års tid i eit forhold med komponisten Theodor Kirchner. Han leid av alvorleg speleavhengnad, og det sleit såpass på forholdet at ho gjorde det slutt i 1864.[14][15] Livet hennar vart på ny fylt av konsertreiser gjennom Europa, over alt vart ho feira som ein av Europas største pianistar.

Revmatisme, artritt, og problem med høyrsla gjorde at ho byrja å trappa ned konsertane frå 1873 av. I 1874 tok ho ein pause frå konsertverksemda og i 1875 gav ho berre konsertar i Tyskland. Frå 1876 var ho regelmessig i London, men i 1888 tok ho avskjed med det trufaste London-publikum med Robert Schumanns Carnaval.[16] I 1878 vart ho klaverlærar («Ersten Klavierlehrerin») ved Dr. Hoch's Konservatorium i Frankfurt am Main. Stillinga hadde ho fram til 1892. Schumann redigerte òg Robert Schumanns komposisjonar og bidrog til å få musikken hans utgjeven på musikkforlaget Breitkopf & Härtel.

Ho gav sin siste konsert den 12. mars 1891, i ein alder av 71 år. Men ho heldt fram å undervisa og spela til husbruk fram til det siste leveåret sitt. Den 26. mars 1896 vart Clara Schumann ramma av eit slaganfall og døydde få månader seinare. Etter eige ønske vart ho bisett ved sida av Robert Schumann på Altar Friedhof Bonn.

Komponist endre

Allereie frå ung alder sørgde faren for at Clara fekk komposisjonsundervising. Lærarar var thomaskantoren Christian Theodor Weinlig og kapellmeister Heinrich Dorn. Undervisinga var nok ikkje spesielt grundig, spesielt i dei første komposisjonane er det lett å spora mangelen på teoretisk utdanning. Robert Schumann omgjekk taktfullt denne veikskapen i ein omtale av hennar Soirées musicales op. 6 (1834–1836) i Neue Zeitschrift für Musik ved å karakterisera stykket som ein «framandarta fantasi.»

Komposisjonar skrivne av kvinner vart stort sett sett på som uvanleg på Clara Schumann si tid. Då musikkritikaren Carl Ferdinand Becker omtalte Klaverkonsert i a-moll op. 7, skreiv han at det naturlegvis ikkje kunne verta snakk om ein seriøs kritikk sidan det trass alt var snakk om eit verk skrive av ei kvinne.[17] At Clara skreiv verket i fjorten-femten års alder ser ikkje ut til å ha tydd mykje for vurderinga. Clara Schumann skreiv om Klavertrio op17 at stykka var vorte til trass svangerskap, økonomisk motgang og pianistiske fiaskoar, og «sjølvsagt er det fruentimmerarbeid, det manglar kraft, her og der òg oppfinnsamheit.» Kritikarane held likevel denne klavertrioen som høgdepunktet hennar, i tillegg reknar ein tre lieder frå op. 12 og tre romansar for klaver og fiolin op. 22 blant det beste ho skreiv.[18] Robert Schumann gav lieder-syklusen op. 13 den største heideren, men skrev litt seinare om komposisjonane hennar:

«Clara har skrive ei rekkje mindre stykke med ei meir var og inderleg skaparkraft enn nokosinne før. Men komposisjonsgjerninga går ikkje i hop med å ha barn og ein fantaserande mann. Ho manglar den vedvarande øvinga, og dette rører meg ofte, for det går tapt så mange inderlege idear som ho ikkje maktar å gje uttrykk for.»[o 6][19]

Til skilnad frå den engelske komponisten Ethel Smyth klarte ikkje Clara Schumann å fri seg frå vurderinga til omgivnadene. Kanskje var det difor at ho ikkje prioriterte komponistgjerninga. Medan ektemannen levde komponerte ho i hovudsak for å tekkjast han. Etter at han døydde slutta ho heilt å komponera. Verka til Clara Schumann er sjeldan å høyra i moderne tid, men det tyder ikkje at dei er dårlege eller mindreverdige. Ho skreiv for sine eigne opptredenar, og stykka er akkurat så virtuose som publikum på 1800-talet ville dei skulle vere.

Klavervirtous endre

Trass åtte barnefødslar og ein ikkje alltid like samarbeidsvillig mann, var Clara Schumann i stand til å hevda seg i ei mannsdominert verd. Ho vart feira og vann ærestilvisingar over heile Europa. Schumann heldt offentlege konsertar i over 160 ulike byar. Ho var mest aktiv i store byar, rundt 50 % av konsertane vart haldne i dei sju byane London, Leipzig, Wien, Berlin, Dresden, Hamburg og Frankfurt. Spesielt populær var ho i Hamburg, der ho opptredde i alt nitten gonger frå og med den første opptredenen i 1835 til den siste i 1881.[2] Det steig det fram fleire virtuose solistar som tok samtidspublikummet med storm på første halvdel av 1800-talet. Av fiolinistar var Niccolò Paganini, Joseph Joachim og Ole Bull særleg populære. Blant pianistane vart Clara Schumann, Franz Liszt, Frédéric Chopin, Sigismund Thalberg og Friedrich Kalkbrenner rekna blant dei beste. Det skjedde ei rivande teknisk utvikling av klaveret i dei første tiåra av 1800-talet, og nyvinningane inspirerte både pianistar og komponistar til å ta klaverkunsten til nye høgder.

Det tidlege konsertrepertoaret til Clara Wieck var prega av virtuositeten publikum forventa. På programmet stod dagsaktuelle lettvektarar som Friedrich Kalkbrenner, Camille Pleyel, Ignaz Moscheles og Henri Herz. Seinare i karrieren presenterte ho musikk av meir betydelege komponistar som Mozart, Bach, Beethoven, Mendelssohn, Chopin, Brahms og ektefellen Robert Schumann.[2]

Clara og faren var nøye med å samla på konsertprogramma hennar, og originalprogram frå så godt som alle dei offentlege konsertane hennar er verna. Totalt finst 1 312 stykk. Ein statistisk analyse viser at ho i høg grad sette sitt preg på det som er vorte ei kanonisk og standardisert konsertform basert på verk frå den klassisk-romantiske perioden.[2]

Verk endre

Verk med opustal endre

  • Quatre Polonaises für Klavier op. 1 (1829/30)
  • Caprices en forme de Valse für Klavier op. 2 (1831/32)
  • Valses romantiques für Klavier op. 4 (1835)
  • Quatre Pièces Caractéristiques für Klavier op. 5 (1833?, 1835/36)
  • Soirées Musicales op. 6 (1834–1836)
  • Klavierkonzert a-moll op. 7 (1833–1835)
  • Drei Romanzen, op. 11
  • Variations de Concert sur la Cavantine du Pirate de Bellini (1837)
  • Souvenir de Vienne – Impromptu (1838)
  • Trois Romances für Klavier (1838/39)
  • Zwölf Gedichte aus Friedrich Rückerts «Liebesfrühling» für Gesang und Klavier von Robert und Clara Schumann op. 12 (Lieder Nr. 2, 4 und 11 von Clara) (1841)
  • Scherzo für Klavier (1841)
  • Quatre Pièces fugitives für Klavier (1840–1844?)
  • Präludium für Klavier f-Moll (1845?)
  • Trio für Klavier, Violine und Violoncello op. 17 (1846)
  • Variationen über ein Thema von Robert Schumann für Klavier op. 20 (1853)
  • Drei Romanzen für Klavier (1853)
  • Drei Romanzen für Klavier und Violine (1853)
  • Sechs Lieder aus Jucunde von Hermann Rollet (1853)


Verk utan opustal endre

  • Variationen über ein Tyroler Lied für Klavier (1830)
  • Walzer für Singstimme und Klavier (1833)
  • «Am Strand» für Singstimme und Klavier (1840)
  • «Die gute Nacht» für Singstimme und Klavier (1841)
  • Klaviersonate g-Moll (1841/42)
  • «Oh weh des Scheidens» für Singstimme und Klavier (1843)
  • Präludium f-Moll (1845)
  • Concerto f-Moll für Klavier und Orchester (1 Satz) (1847)
  • Drei gemischte Chöre («Abendfeier in Venedig»; «Vorwärts»; «Gondoliera»«») (1848, skrevet til Robert Schumanns 38. fødselsdag)
  • Romanze a-Moll für Klavier (1853)
  • Romanze h-Moll für Klavier (1856)
  • Kadenzen zu Beethovens Klavierkonzerten in G-Dur und c-Moll


Diskografi endre

  • Romance – The Piano Music of Clara Schumann. Isata Kanneh-Mason, piano. Decca 2019
  • Romance: The piano Music of Clara Schumann. Jennifer Goodenberger, piano. CD Baby 2016
  • Clara Schumann: Piano Music. Cristina Ortiz, piano. Carlton Classics 1996.

Kjelder endre

  1. Bernhard R. Appel u. a. (red.): Clara und Robert Schumann. Zeitgenössische Porträts. Droste, Düsseldorf 1994, s. 105 ff.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Kopiez, Lehmann, Klassen: Clara Schumann's collection of playbills: A historiometric analysis of life-span development, mobility, and repertoire canonization, Poetics 37 (2009), s. 64, fig. 7.
  3. Ernst Burger: Robert Schumann. Schott Verlag, Mainz 1999, s. 67.
  4. Berthold Litzmann: Clara Schumann. Ein Künstlerleben. Nach Tagebüchern und Briefen. 1. bind. Breitkopf & Härtel, Leipzig 1902, s. 190.
  5. Berthold Litzmann: Clara Schumann. Ein Künstlerleben. Nach Tagebüchern und Briefen. 1. bind. Breitkopf & Härtel, Leipzig 1902, s. 197.
  6. Litzmann 1913, bind. 1, s. 366.
  7. Litzmann 1913, vol. 2, s. 41
  8. Reich, 2001, s. 206
  9. Reich 2001, s. 207
  10. Litzmann 1913, bind 2, s. 42
  11. Litzmann 1913, bind 2, s. 90
  12. 13th of September 2012 Clara Schumann Google Doodle Arkivert 2012-09-15 ved Wayback Machine.-from The News Clerks
  13. Schumann in Düsseldorf. Düsseldorfer Wohnungen. schumann-gesellschaft.de, hentet 11. desember 2016. Sitat: „… ehe sie knapp 15 Monate nach dem Tod ihres Mannes Düsseldorf mit Berlin vertauschte.“
  14. Nancy B. Reich: Clara Schumann, the artist and the woman. Cornell University Press, Ithaca / London 2001, s. 191.
  15. Beatrix Borchard: Clara Schumann – Ihr Leben. Eine biographische Montage, 3., überarbeitete und erweiterte Auflage, Olms, Hildesheim 2015, s. 269.
  16. Julia M. Nauhaus: Konzertreisen og Konzertliste i Schumann-Portal. Henten 8. juni 2021.
  17. C. F. B. (= Carl Ferdinand Becker): Concerte für das Pianoforte. Clara Wieck, erstes Concert f. d. Pfte., mit Begl. des Orch (A-Moll) – W. 7. I NZfM, Nr. 14, 17. februar 1837, s. 56 f., Digitaliseromg. Henta 9. juni 2021.
  18. Beatrix Borchard, Clara Schumann – Ihr Leben. Eine biographische Montage, 3., überarbeitete und erweiterte Auflage, Olms, Hildesheim 2015, s. 202.
  19. Gerd Nauhaus (red.): Robert Schumann. Tagebücher. Bind II, Leipzig 1987, s. 255.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Clara Schumann
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Clara Schumann