Robert Sjavlakadze
Robert Mikhajlovitsj Sjavlakadze, {{georgisk:რობერტ შავლაყაძე}}; russisk Роберт Михайлович Шавлакадзе (fødd 1. april 1933) er ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Tbilisi, som konkurrerte i høgdehopp og vart olympisk meister i øvinga i 1960.
Robert Sjavlakadze | |
Robert Sjavlakadze under Sommar-OL 1960 | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Georgia |
Fødd | 1. april 1933 Tbilisi |
Død | |
Yrke | friidrettsutøvar |
Høgd | 186 centimeter |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti |
Robert Sjavlakadze på Commons |
Aktiv
endreSjavlakadze sin personlege rekord i høgdehopp var på 2,13 m føre sommarleikane i 1960. I den olympiske finalen i Roma tok han leiinga då han gjekk over 2,14 m i fyrste forsøk. Etter overraskande å ha svinga seg over også neste høgda, 2,16 meter i fyrste forsøk, ny olympisk rekord, tok han den olympiske gullmedaljen. Han vann framom landsmannen Valerij Brumel som også klarte 2,16 m, men fyrst i andre forsøk. Bronsemedaljen gjekk til John Thomas fra USA med 2,14 m.
Under EM 1962 fekk Sjavlakadze bronsemedaljen, etter å ha stoppa på 2,09 m. Sjavlakadzes sin personlege rekord på 2,17 m vart sett i 1964. Under OL 1964 i Tokyo kom han på femte plass.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endreKjelder
endre- Friidrott 61.
- Friidrott 65.