Robin Williams

amerikansk skodespelar og komikar

Robin McLaurin Williams (21. juli 195111. august 2014) var ein amerikansk komikar og skodespelar. Han vart fødd i Chicago i Illinois. Far hans Robert Fitzgerald Williams var av skotsk, walisisk og irsk opphav, og var leiar for Ford Motor Company i Midtaust-USA. Mora til Williams var fødd i New Orleans, og var fotomodell.

Robin Williams

Fødd21. juli 1951
FødestadChicago
Død11. august 2014 (63 år)
DødsstadTiburon, Paradise Cay
FødenamnRobin McLaurin Williams
Aktive år1972–2014
Verka somstandupkomikar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, komikar, filmprodusent, manusforfattar, lydboksinnleser, teaterskodespelar, stemmeskodespelar, pantomimekunstner
MorLaura McLaurin
FarRobert Williams
EktefelleValerie Velardi, Marsha Garces, Susan Schneider
BornZachary Williams, Zelda Williams, Cody Williams
PrisarOscar for beste mannlige birolle, Golden Globe Award for beste film – musikal eller komedie, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Male Actor in a Supporting Role, Grammyprisen for beste komediealbum, National Board of Review Award for Best Actor, Golden Globe for Beste skuespiller, Golden Globe for Beste skuespiller, Screen Actors Guilds utmerkelse for et fremragende ensemble i en spillefilm, MTV Movie Award for Best Comedic Performance, MTV Movie Award for Best Comedic Performance, Grammyprisen for beste komediealbum, Primetime Emmy Award for Individual Performance in a Variety or Music Program, Screen Actors Guilds utmerkelse for et fremragende ensemble i en spillefilm, Cecil B. DeMille Award, Disney Legends, Golden Globe for Beste skuespiller, Primetime Emmy Award for Individual Performance in a Variety or Music Program, Grammyprisen for beste komediealbum, Grammy Award for Best Album for Children, Grammyprisen for beste komediealbum, Saturn Award for Best Supporting Actor, Saturn Award for Best Actor, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Williams fekk merksemd då han gjorde eit stand-up-show i San Francisco. Etter å ha fullført studiane ved Claremont McKenna College, og ved Juilliard Drama School, fekk han ei rolle av Gerry Marshall i fjernsynsserien Happy Days som romvesenet «Mork». «Mork» vart så populær blant sjåarane at det førte til ein eigen fjernsynsserie Mork & Mindy, som gjekk i USA frå 1978 til 1982.

Størsteparten av skodespelarkarrieren til Williams vart innan kinofilmar, men han hadde nokre nemneverdige opptredenar på teaterscena òg. Dei fyrste hovudrollene hans var i Popeye (Skipper'n) i 1980, og The World According to Garp (Garp og hans verden) i 1982. Begge desse filmane hadde eit lågt billettsal, men filmen Good Morning, Vietnam frå 1987 vart nominert til Oscar, og gjorde at Williams vart verdskjend som skodespelar. Williams er òg kjend som ein flink stemmeskodespelar, og har gjeve stemme til fleire animerte filmar, som filmen Aladdin frå 1992 og Robots (Robotene) frå 2005.

I 1997 vann Williams Oscar for beste birolle, etter opptredenen hans som psykolog i Good Will Hunting (Den enestående Will Hunting).

Williams var òg godt kjend for sine ville improteater-eigenskapar og parodiar. Han var ein talentfull imitator, og kunne gå ut og inn av roller svært fort. Williams har sagt at han byrja med parodier og imitasjonar som barn, då han etterlikna sørstatsdialekta til tanta si. Han har òg delteke som gjest på improvisasjonsprogrammet Whose Line Is It Anyway?.

Det fyrste ekteskapet til Williams var med Valerie Velardi og byrja 4. juni 1978. Dei to fekk eit barn saman Zachary. Dette ekteskapet enda i 1988, og i 1989 gifta han seg for andre gong, med Marsha Garces. Dei fekk to born saman.

Williams og kona hans grunnla Windfall Foundation, ein filantropisk organisasjon som samlar inn pengar til fleire veldedige saker. Williams brukte mykje energi på veldedigheitsarbeid, blant anna for Comic Relief. Han var òg sykkelfan, og skal visstnok ha eigd hundrevis av syklar. Gjennom si interesse for sykling var han ein god ven og tilhengjar av Lance Armstrong og stiftinga hans, og opptredte ofte for den.

Filmografi

endre
  • Can I Do It 'Till I Need Glasses? (1977)
  • Popeye (1980)
  • The World According to Garp (1982)
  • The Survivors (1983)
  • Moscow on the Hudson (1984)
  • The Best of Times (1986)
  • Club Paradise (1986)
  • Seize the Day (1986)
  • Good Morning, Vietnam (1987)[1]
  • Portrait of a White Marriage (1988, cameo-opptreden)
  • The Adventures of Baron Munchausen (1988, ukreditert)
  • Dead Poets Society (1989)
  • Cadillac Man (1990)
  • Awakenings (1990)
  • Dead Again (1991)
  • The Fisher King (1991)
  • Hook (1991)
  • I'm From Hollywood (1992, dokumentar)
  • Shakes the Clown (1992)
  • FernGully: The Last Rainforest (1992, røyst)
  • The Timekeeper (1992, Disneypark-film, røyst)
  • Aladdin (1992, røyst)
  • Toys (1992)
  • Being Human (1993)
  • Mrs. Doubtfire (1993, også produsent)
  • Nine Months (1995)
  • To Wong Foo, Thanks for Everything! Julie Newmar (1995, cameo-opptreden)
  • Jumanji (1995)
  • Aladdin and the King of Thieves (1995)
  • The Birdcage (1996)
  • Jack (1996)
  • The Secret Agent (1996)
  • Hamlet (1996)
  • Father's Day (1997)
  • Deconstructing Harry (1997)
  • Flubber (1997)
  • Good Will Hunting (1997)
  • What Dreams May Come (1998)
  • Junket Whore (1998, dokumentar)
  • Patch Adams (1998)
  • Get Bruce (1999, dokumentar)
  • Jacob the Liar (1999, også medprodusent)
  • Bicentennial Man (1999)
  • A.I. (2001)
  • One Hour Photo (2002)
  • Death to Smoochy (2002)
  • Insomnia (2002)
  • The Rutles 2: Can't Buy Me Lunch (2002, cameo-opptreden)
  • The Final Cut (2004)
  • House of D (2004)
  • Noel (2004, cameo-opptreden)
  • The Aristocrats (2005, dokumentar)
  • Robots (2005, røyst)
  • The Big White (2005)
  • In Search of Ted Demme (2005)
  • The Night Listener (2006)
  • Happy Feet (2006, røyst)
  • RV (2006)
  • August Rush (2006)
  • The Krazees (2006)
  • Night at the Museum (2006)
  • License to Wed (2007)
  • Happy Feet Two (2011, røyst)

Bakgrunnsstoff

endre
  1. https://www.bangkokpost.com/news/world/1506406/good-morning-vietnam-broadcaster-dies