Opna hovudmenyen

Robin van Persie (fødd 6. august 1983 i Rotterdam) er ein nederlandsk fotballspelar. Han har spela som spiss for Manchester United i engelsk Premier League, og for det nederlandske landslaget. På landslaget har han stundom òg spela som ving.

Robin van Persie
Loco-Fener (10).jpg
Personleg informasjon
Fødd 6. august 1983
Fødestad Rotterdam i Nederland
Høgd 188 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Arsenal
Nummer 11
Ungdomsklubbar
Nederland Excelsior
Nederland Feyenoord
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-04
2004-
Nederland Feyenoord
Flag of England.svg Arsenal
59 (15)
128 (46)
Landslag
2004- Nederland Nederland 41 (14)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 20. desember 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 20. desember 2009

Van Persie er son av to kunstnarar, og vart oppmuntra til å følgja i fotspora til foreldra, men valde fotballen i staden. Han fekk gjennombrotet sitt for Feyenoord i heimbyen rotterdam, der han var i tre sesongar, og var med å vinna UEFA-cupen i 2002. I 2004 gjekk han til Arsenal for 2,75 millionar pund. Han vann FA-cupen i den første sesongen i klubben, og vart kåra til årets idrettsmann i Rotterdam i 2006. Han vart Arsenal sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 11 seriemål, og i 2008/09-sesongen med 11 seriemål.

4. juni 2005 debuterte han for Nederland sitt A-landslag i ein VM-kvalifiseringskamp mot Romania. Fire dagar seinare, i ein VM-kvalifiseringskamp mot Finland, skåra han det første landslagsmålet sitt. Sjølv om han ikkje spelte fast for Arsenal, vart han teken ut av landslagssjef Marco van Basten til Nederland sin tropp til fotball-VM i 2006. Han spelte alle Nederland sine fire kampar, og skåra eitt mål mot Elfenbeinskysten i gruppespelet. Han var Nederland sin toppskårar i kvalifiseringa til fotball-EM i 2008 med fire mål. I sjølve turneringa spelte han som ving, med Ruud van Nistelrooy som einaste spiss. Van Persie konkurrerte med Arjen Robben om plassen som ving. Han kom inn som innbytar og skåra i gruppekampen mot Frankrike og fekk starta kampen mot Romania, der han skåra igjen.

Van Persie bur i London med den marokkansk-nederlandske kona si Bouchra, ein son og ei dotter.