Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)

Rock and Roll Preacher
Singel av Slade
frå albumet Till Deaf Do Us Part
B-side

Knuckle Sandwich Nancy

Utgjeve April 1982
Sjanger Hardrock
Lengd 3:17
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Slade
Slade-kronologi
«Ruby Red»
(1982)
Rock and Roll Preacher «(And Now the Waltz) C'est La Vie»
(1982)


«Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1982 som den fjerde og siste singelen frå det tiande studioalbumet deira Till Deaf Do Us Part. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. Songen kom berre ut på singel i Tyskland og nådde der 49. plassen.[1]

Songen vart korta ned for singelen. Songen vart på den tida nytta som opningsspor på konsertane deira, noko ein kan høyre på konsertalbumet Slade on Stage.[2]

B-sida på singelen var «Knuckle Sandwich Nancy», henta frå Till Deaf Do Us Part og som hadde vore den mislykka første singelen frå albumet i mai 1981. The 12"-versjonen av singelen inneheld den fulle albumversjonen av «Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)».[3]

I Tyskland framførte bandet songen på TV-showet Musikladen den 11. mars 1982. Seinare, i desember 1984 spelte bandet igjen songen på tysk fjernsyn, Thommys Pop Show.[4]

FormatEndra

7"-singel
  1. «Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)» - 3:17
  2. «Knuckle Sandwich Nancy» - 3:09
12"-singel
  1. «Rock And Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)» - 5:34
  2. «Knuckle Sandwich Nancy» - 3:09

SalslisterEndra

Liste (1982) Plassering
Den tyske singellista[1] 49

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Steffen Hung. «Slade - Rock And Roll Preacher». austriancharts.at. Henta 13. oktober 2021. 
  2. «Vinyl Album - Slade - Slade On Stage - RCA - UK». 45worlds.com. Henta 13. oktober 2021. 
  3. «Slade - Rock And Roll Preacher (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. Henta 13. oktober 2021. 
  4. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 20. oktober 2011. Henta 15. oktober 2021.