Till Deaf Do Us Part

Till Deaf Do Us Part
Studioalbum av Slade
Utgjeve 13. november 1981
Innspelt 1981
Studio Portland Studios
Sjanger Hardrock
Lengd 38:41
Selskap RCA Records
Produsent Slade
Slade-kronologi
«We'll Bring the House Down»
(1981)
Till Deaf Do Us Part «Slade on Stage»
(1982)


Singlar frå Till Deaf Do Us Part
  1. «Knuckle Sandwich Nancy»
    Utgjeve: 15. mai 1981
  2. «Lock Up Your Daughters»
    Utgjeve: 4. september 1981
  3. «Ruby Red»
    Utgjeve: 12. mars 1982
  4. «Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)»
    Utgjeve: April 1982

Till Deaf Do Us Part er det tiande studioalbumet til den britiske rockegruppa Slade. Det kom ut 13. november 1981 og nådde 68. plassen på den britiske albumlista.[1] Albumet vart produsert av Slade. Sjølv om det ikkje vart ein like stor suksess som We'll Bring the House Down tidlegare på året, selde albumet godt.

Singelen «Lock Up Your Daughters» vart ein hit på britisk topp 30 – bandet opna Top of the Pops den 24. september med songen og han vart fast på konsertane deira.

Seinare i 1990-åra vart biletet på plateomslaget erstatta av eit gruppefoto.[2]

BakgrunnEndra

 
Slade speler i Sophia Gardens i Cardiff i desember 1981 ein månad etter albumet kom ut.

Etter konserten til Slade på Readingfestivalen i 1980, vart interessa for bandet gjenoppliva, og bandet kunne no fylla konsertsalar igjen. Albumet til bandet frå 1981 We'll Bring the House Down var òg ein suksess og nådde 25. plassen i Storbritannia, medan tittelsporet kom inn på den britiske topp 10-lista. I løpet av same år fortsette bandet gjenoppblomstringa si med innspelinga av Till Deaf Do Us Part. I mai 1981 gav bandet ut singelen «Knuckle Sandwich Nancy», men denne gjekk ikkje inn på singellista. Bandet hadde vore sikre på at den livlege songen var godt eigna som ei oppfølging av «We'll Bring the House Down», men manageren til bandet, Chas Chandler, var ikkje samd. Singelen vart halvhjarta gjeven ut på Cheapskate-etiketten der RCA som handterte marknadsføring og distribusjon.[3]

Bandet skulda Chandler for fiaskoen til singelen og bestemte seg for å klare seg sjølv frå då av og avslutta eit tolvårig partnarskap. Dette hindra likevel ikkje Chandler i å forhandla fram ein større plateavtale med RCA for dei. I september gav RCA ut den andre singelen frå det kommande albumet, «Lock Up Your Daughters». Denne nådde 29. plassen i Storbritannia. I desember vart Till Deaf Do Us Part gjeven ut som det første albumet deira på RCA og det første albumet med berre nytt materiale sidan Return to Base i 1979. Det nådde 68. plassen og nokre av songane på albumet vart raskt ein del av konsertsettet til Slade, inkludert «Rock and roll Preacher» som vart den nye opningssongendeira.[3] I mars 1982 vart «Ruby Red» gjeven ut som den tredje singelen og nådde 51. plassen i Storbritannia, medan i april vart «Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)» gjeven ut i Tyskland, og nådde 49. plassen der.

Kort tid før albumet vart gjeve ut, skildra gitaristen Dave Hill albumet for Sounds: «Dette albumet er ein tøffing og me vil ha det høgt. Det er retninga me er på veg mot, som å ha eit liveshow i studio nesten. Det har gøts og melodi. Dette er verkeleg oss.»[4] I eit fanklubbintervju frå 1981 snakka Holder om tittelen på albumet og generelle tema: «Det kom fordi alle alltid seier kor høge me er. Me baserte albumet på volum, alle spora er rock og det er eit høglydt album. Sporet 'Till Deaf Do Us Part' handlar om å bøya øyret og bli døv. Me har brukt mykje orgel på albumet. Det er eigentleg den einaste skilnaden. Me trur at det er ein mykje betra lyd enn me nokon gong har hatt. Det er eit solid rockealbum frå start til slutt, bortsett frå instrumentalstykket - som er eit sakte tema, men alle dei andre er rask og solid rock. Det er ikkje akustisk rock på albumet med songar som «Don't Waste Your Time» og «Sign of the Times», som me har hatt på tidlegare LP-plater.»[5]

SongarEndra

«Ruby Red» var skriven rundt 1978, men bandet følte at den originale innspelinga av songen ikkje innfridde forventningane deira. Songen vart vidareutvikla og deretter spelt inn for Till Deaf Do Us Part.[6] «She Brings Out the Devil in Me» utvikla seg til ein song frå ei gitarstrofe bandet pleidde å spela på lydkontrollar. Holder la deretter til ein melodi og tekst til gitarstrofa.[6]

«M'Hat, M'Coat» vart skrive av gitaristen Dave Hill. Når han snakka om songen i 1989, sa Hill: «Det er berre noko eg pleidde å leika med når me var på turné i Europa og Jim sa at me skulle spela han inn. Så me var i studio og Nod kasta ut nokre akkordar og Jim omorganiserte han. Me spelte han verkeleg berre inn der og då, og eg trur det var derfor det vart så bra.»[6]

«Knuckle Sandwich Nancy» har tekstar som refererer til ei hending i verkelegheita som skjedde med Holder. Under ein konsert i Porthcawl i 1978 vart ein utkastar for aggressiv mot fansen, og Holder bad han om å stoppa. Utkastaren gjekk seinare til åtak på Holder etter showet, og gav han ei brekt nase og svarte auge. Holder anmelde mannen og han vart sendt i fengsel i tre månader..[7][8]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [9]
Get Ready To Rock!     [10]
Kerrang!     [11]
Soundsunfavourable[12]
Melody Makerpositiv[12]

Ved utgivinga meinte Kerrang! at albumet viste at Slade hadde teke opp att «den gamle vanen sin med å skriva klassisk materiale», og la til at det var «ein garanti for kompromisslaus underhaldning.»[11] Melody Makar meinte bandet hadde «vunne attende tilliten» og var «større og råare enn nokosinne». Dei konkluderte med: «Albumet stadfestar i det heile Slade som eit av våre mest varige og kompromisslause band.»[12] Sounds meinte at albumet «hang heilt og haldent på det teite ordspelet i tittelen.» Dei la til: «Ikkje berre er plata keisam og medvitent tungt, men den fungerer ikkje eingong på desse premissane. Slade høyrest frykteleg slitne ut, omtrent like overtydande som Alexander Haig på ein fredsmarsj.»[12]

AllMusic skreiv : «Till Deaf Do Us Part er det hardaste rockealbum til Slade nokosinne. Spelinga deira er på det sterkaste og materialet er heilt rått. Tilråda for rockarar.»[13] Joe Geesin frå nettstaden Get Ready to Rock! uttalte: «Till Deaf Do Us Part var nok eit flott sett. Framleis klassisk Noddy Holder, men mindre cheese, ikkje klassisk Slade, men noko jævlig god hardrock med det støvletrampande Slade-varemerket. Ein veldig undervurdert periode i karrieren til bandet.»[10] Q oppførte albumet seinare på 16. plassen på lista si over «Dei 20 mest smertefulle albumtitlane gjennom tidene.»[14]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Noddy Holder og Jim Lea, utanom «M'Hat M'Coat» av Dave Hill.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)»5:45
2.«Lock Up Your Daughters»3:27
3.«Till Deaf Do Us Part»3:29
4.«Ruby Red»2:53
5.«She Brings Out the Devil in Me»3:27
6.«A Night to Remember»3:54
Total lengd:38:41
Side to
Nr.TittelLengd
7.«M'Hat M'Coat»1:42
8.«It's Your Body not Your Mind»3:04
9.«Let the Rock Roll out of Control»4:00
10.«That Was no Lady that Was My Wife»2:35
11.«Knuckle Sandwich Nancy»3:14
12.«Till Deaf Resurrected»1:05
Bonusspor på 2007-utgåva til Salvo
Nr.TittelLengd
13.«Funk Punk & Junk» (B-side til «Ruby Red»)2:57
Total lengd:41:38

MedverkandeEndra

Slade
Andre medverkande
  • Andy Miller – assisterande produsent, lydteknikar
  • George «Porky» Peckham – miksing
  • Mark O'Donoughue – teknikar (lydbandoperatør)

SalslisterEndra

Liste Plassering
Britiske album (OCC)[15] 68

KjelderEndra

  1. «Slade». Official Charts Company. Henta 4. oktober 2021. 
  2. «Slade – Till Deaf Do Us Part (CD, Album) at Discogs». discogs. Henta 4. oktober 2021. 
  3. 3,0 3,1 CD-heftet Till Deaf Do Us Part – 2007 Salvo
  4. «1981 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 2021-10-05. Henta 4. oktober 2021. 
  5. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 15. oktober 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 arkivkopi, arkivert frå originalen 2018-07-30, henta 17. oktober 2021 
  7. Mickey P. «From Roots To Boots!: August 1978». Sladestory.blogspot.com. Henta 15. oktober 2021. 
  8. «Slade Scrapbook Website – Cuttings 1979». Sladescrapbook.com. 27. oktober 1979. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 15. oktober 2021. 
  9. Ginsberg, Geoff. «Till Deaf Do Us Part – Slade». AllMusic. Henta 15. oktober 2021. 
  10. 10,0 10,1 «Get Ready to ROCK! Review of CD album resissues by rock band Slade called Whatever Happened To Slade?,We'll Bring The House Down, Till Deaf Do Us Part». Getreadytorock.com. Henta 15. oktober 2021. 
  11. 11,0 11,1 «Slade Bells». Sladeinengland.co.uk. Arkivert frå originalen 2012-03-14. Henta 15. oktober 2021. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 «1981 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 2021-10-05. Henta 4. oktober 2021. 
  13. AllMusic Review by Geoff Ginsberg. «Till Deaf Do Us Part – Slade». AllMusic. Henta 4. oktober 2021. 
  14. «Rocklist.net...Q – 150 Rock Lists». Rocklistmusic.co.uk. Henta 15. oktober 2021. 
  15. "Slade | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.