Roger Nilsen

norsk fotballspelar

Roger Nilsen (fødd 8. august 1969 i Tromsø) er ein norsk fotballspelar. Han har spela på det norske herrelandslaget i fotball, og er no assistenttrenar i Viking FK.

Roger Nilsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1969 (54 år)
Tromsø
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Høgd 175 centimeter
Roger Nilsen på Commons

Nilsen er mest kjend frå tida i engelsk fotball, der han i mange år spela for Sheffield United. Han har òg spela i Tromsø IL, Viking FK, FC Köln (utlån), Tottenham Hotspur FC, Grazer AK, Molde FK og Bryne. For tida er han assistenttrenar i Viking FK.

Roger Nilsen er bror til Steinar Nilsen, som òg er fotballtrenar. Ei stund spelte dei i lag på landslaget.