Rolf Hindhammer

norsk komponist

Rolf Hindhammer (fødd 5. juli 1942) er ein norsk komponist og forfattar frå Angvik, ei bygd i Møre og Romsdal.

Rolf Hindhammer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. juli 1942 (81 år)
Angvik
Yrke komponist, forfattar
Rolf Hindhammer på Commons

Karriere endre

 
Hindhammer saman med eitt av barnebarna.

Utdaning/yrke: Agronom, seinare utdaning innafor måling, kunst og farge, målarmeister, også arbeid innafor skuleverket. Han fekk som barn undervisning i musikk av lærar Anna Skjølsvik og som vaksen av musikklærar Anders Stanghelle. På grunn av si interesse for å komponere, begynte Hindhammer i 1988 eit sjølvstudium av m.a. musikkhistorie, komposisjon og musikkteorilære. Dette varte til 1994.

 
Rolf Hindhammer med to av sine instrument, fiolin og piano.

Rolf Hindhammer har komponert musikk i sjangrane folkemusikk, nasjonalromantikk, kyrkjemusikk, barneviser m.m. Han har dessutan skrive ned store mengder lokal folkemusikk frå Nordmøre og Romsdal, laga songbøker for barn og vore medarbeidar og utgjevar av lokale historieverk, m.a. saman med kona, Solveig Hindhammer. Rolf spela sjølv tidleg på trompet og kromatisk munnspel. Han brukar no piano og keyboard når han komponerer.

I dei største stykka Hindhammer har laga, har han nytta profesjonelle musikarar som Knut Anders Vestad og Asgeir Hoffart som arrangørar. Musikk med innverknad på hans komposisjonar har vore den gamle folkemusikktradisjonen han vaks opp med, spesielt frå faren, Arne Hindhammer, som var felespelar og tradisjonsberar av visesong og lokal historie. Men også den engelske- og amerikanske pop/rockemusikkbølgja, og spesielt improvisjasjonsmusikk frå bl.a. New Orleans, har hatt stor interesse. Trompetistar som Truls Helweg, Tore Jensen og Eivind Solberg, jazzgitaristen Robert Normann og munnspelaren Tommy Riley har vore hans store idol. I vaksen alder fekk Hindhammer også interesse for klassisk musikk.

Gift 1968 med Solveig, fødd Ørsal. Dei har fire barn: Evy, Vigdis, Endre og Astrid Berit. To av desse er musikarar.

Oppstart endre

I 1986 starta han, etter sitt gode minne, å skrive ned den lokale folkemusikkarven, dette for å ta vare på musikken etter faren og andre lokale spelemenn. Etter 10 år, i 1996, blei dermed bokverket "Ein spelemann, ein toneskatt" gjeve ut.

I året 1989 begynte Rolf Hindhammer eit musikalsk samarbeid med diktaren Hans Hyldbakk frå Surnadal. Hyldbakk gav Rolf fullmakt til å lage og framføre ny musikk til dikta sine. Dette resulterte i viseboka "Hildreveg", som kom ut i 1993, seinare også i songspelet "Harpespel på Hildreveg", dette delvis laga på ein del av materialet frå boka. Songspelet blei arrangert ferdig av kantor og komponist Knut Anders Vestad.

Sidan dette har Rolf Hindhammer laga svært mykje musikk. Han har også gjeve ut fleire bøker (sjå lister). Rolf Hindhammer fekk året 1995 Gjemnes Mållag sin målpris. Han har hatt samarbeid med kona si, Solveig Hindhammer, med innsamling, skriving og utgjeving av forskjellige lokale historieverk. Dei fekk saman i året 2015 Nordmøre Mållag sin målpris. I 2016 vann Rolf Hindhammer designkonkurransen til den nye "Nessetgenseren".

Verk endre

Musikk i utval endre

  • 1989–1993, musikk med tekster av Hans Hyldbakk
  • 1994–1997, melodiar til fleire song- og visetekster.
  • 1997–1999, musikkstykket "Synnøve Solbakken" (12 satsar), til Bjørnstjerne Bjørnson si bondeforteljing.
  • 2000–2002, melodiar til fleire bygdesongar.
  • 2000–2005, musikk til eigne barnevisetekster.
  • 2000–2002, musikk til orgel/påskekonserten "Dei siste dagane".
  • 2003–2006, meir enn 100 småstykke for musikkhefte.
  • 2004–2005, musikkspelet "Harpespel på Hildreveg", til tekster av Hans Hyldbakk.
  • 2005–2006, musikk til julekantata "Kom store under".
  • 2007–2008, musikk til Bjørnsons bondeforteljingar "Arne" og "En glad gutt".
  • 2009–2014, musikk til juleoratoriet «Evig er Herrens nåde».
  • 2015-2023, sonate fløyte piano "Fløytesonate for Kristin".
           konsert for fløyte og orgel "Vår nådige Gud".
           song til heimbygda "Til Angvik".
           song til Tingvoll "Vakre Tingvoll".
           song til byen Molde "Heim til Molde".
           song til våren "Vakre vår".
           song om tur "Sjå for ein dag".
           song til ei mor "Blomekrans til mor".
           song sorg og glede "Langt der borte eg ser deg".
           song om roser "Liva sitt rosetre".
           song om minner "Kveldstankar".
           salme til barnedåp "Kom til dåpen".
           salme til gudsteneste "Ser du eit lys i den mørke natt?".
           salme til gudsteneste "Lei du vår veg".
           salme til gudsteneste "Å, Jesus min".
           salme til gudsteneste "Vår gåve".
           salme til påskegudsteneste "Påskesalme".
           salme til påskedag "Påskemorgon".
           julesong "Klåre frostkveld".
           julesong "Ei julenatt"
           Julesong "Halleluja over jord".
           julesong "Marias gledessong".
           julesong "Høyr kyrkjeklokker".
           julesong "No er det jul". 

Musikkbøker og notehefte endre

  • 1993, "Hildreveg", vise-songbok med tekster av Hans Hyldbakk og skisser av Tore Solberg. Redaktør: Øystein Hauge. Forlag: Romsdal Bokverksted.
  • 1996, "Ein spelemann, ein toneskatt", bokverk med lokal folkemusikk. Forlag: Furuli Kulturverkstad.
  • 2002, Innsamlar av lokalt materiale til vise- og regle-boka "Enno så segla ho Magnill". Redaktør: Kirsti Orheim Ås. Illustratør: Ingvild Bakk Schanke. Utgjevar: Nordmøre Mållag.
  • 2005, "Syng med meg", ny visebok for barn, utgjeve på Abrakadabra Forlag. Illustratør: Åse Sæterøy. Dottera Astrid Berit Hindhammer og Eirik Askerøi deltek med song/akkomp. på CD-plate som følgjer med.
  • 2005, "Spel meg ei strofe", notehefte med 68 små pianostykke for dei yngste, "samansydd" med eigne dikt.
  • 2006, "Kom vår, kom sommar", notehefte med 45 stykke for litt vidarekomne (piano, cello, fiolin, fløyte). Heftet er "samansydd" med eigne dikt.
  • Ove Borøchstein frå Kristiansund har teke med 6 songar Hindhammer har laga melodi til i "Songbok for Nordmøre", som kom ut på Kom Forlag til jul året 2009. To av dei har òg hans tekstar, dette er "Gjemnessong" og "Maisong til Angvik". Illustratør: Nils Fiske. Noteansvarleg: Sven Ohrvik.

Andre bøker endre

  • 2009, "Gards- og ættesoge for Angvik og omegn", fotografering, skriving og innsamling av materiale. Redaktør: Solveig Hindhammer. Utgjevar: Angvik Bygdelag.
  • 2011, "Historiebok for Angvik og grendene rundt", historieverk utgjeve saman med kona, Solveig Hindhammer.
  • 2015, "A/S Rødsand Gruber 1910 - 1982", hefte med namneliste, bilde og gode historier, utgjeve saman med Inger og Knut Rausand og kona, Solveig Hindhammer.
  • 2016, "Historiebok om gruvebygda Raudsand" historieverk utgjeve saman med Solveig Hindhammer.
  • 2018, "Historia til Hindhammer-slekta".
  • 2020, "Dikt og songar frå eit langt liv"

Kjelder endre