Rolf Nordhagen (1927-2013)
Rolf Nordhagen (2. august 1927–1. juli 2013)[1] var ein norsk fysikar kjend for arbeidet sitt innan informatikk og utviklinga av internett.[2]
Rolf Nordhagen | |||
Fødd | 2. august 1927 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 1. juli 2013 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | informatikar, fysikar, kjernefysiker | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Nordhagen var var fødd i Bergen som son av botanikaren Rolf Nordhagen (1894-1979). Han tok Ph.D. i Liverpool i 1958.[2]
Frå 1970 til 1974 var han dosent i kjernefysikk ved Universitetet i Oslo.[2] Han fortsette same stad som EDB-sjef frå 1974 til 1986 og professor i informatikk frå 1986.[2]
Nordhagen var tidleg ute med å ta i bruk elektroniske datamaskinar for innsamling og analyse av data frå kjernefysiske eksperiment. Med dette la han grunnlag for eit datateknisk målelaboratorium ved Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo. Seinare arbeidde han med generelle problem innan datateknologi.[2]
I 2014 blei Nordhagen innlemma i Internet Hall of Fame for arbeidet sitt knytt til utviklinga av internett.[2]
Kjelder
endre- ↑ Dødsannonse frå Aftenposten Arkivert 2014-02-21 ved Wayback Machine.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Rolf Nordhagen – fysiker». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 6. juli 2021.