Rollo av Normandie

Rollo (ca. 860–ca. 932) var ein vikinghøvding over eit område som seinare vart kjent som Normandie. I nokre kjelder vert han òg omtalt som Robert av Normandie. Rollo vart stamfar til den berømte normanniske herskarslekta, hertugane av Normandie.

Statue av Rollo, grunnleggjar av lenet Normandie, i Falaise, fødestaden til hans etterkommar Vilhelm Erobreren, som vart konge av England.
Rollos grav i katedralen i Rouen, Seine-Maritime

Namnet Rollo er eit frankisk-latinsk namn som truleg stammar frå det norrøne namnet Hrólf (Rolv) (jamfør latiniseringa av Hrólf Kraki til Roluo i Gesta Danorum).

«Rollo» er oppført i fleire skriftlege samtidskjelder. Han var leiar for dei store styrkane av «normannarar» som tidleg på 900-talet erobra området ved munningen av elva Seinen i Frankrike. For at dei skulle flytta bort vart Rollo gjennom Saint-Clair-sur-Epte-traktaten i 911 forlena av Karl den einfoldige med grevskapet Rouen som deretter vart utvida til det «nordiske» hertugdømmet Normandie. Hertug er likevel ein anakronistisk tittel som aldri vart brukt om Rollo. Greve av Rouen passar betre for å skildra styresmaktsområdet til Rollo, men tittelen greve vert heller aldri brukt om Rollo. Derimot nyttar samtidige kjelder princeps Nortmannorum både om Rollo og sonen Vilhelm Langsverd, som overtok lenet kring 927. Rollo kan ha levd nokre år etter dette, men han er sikkert avgått ved døden ein gong før 933. Rollo er mest kjend for å starta Det normanniske dynastiet, tip-tip-tip-oldefar til Vilhelm erobraren som leia Normandie i Slaget ved Hastings, eit av dei viktige slaga i verdshistoria der Vilhelm erobra England og byrja ein imperialistisk politikk overfor Wales, Irland og Skottland. Denne politikken ville definera England som kolonimakt i fleir hundre år og ha unik innverknad på historia. Rollo sin statue står i dagens Rouen ved kyrkja St Ouen.

Bakgrunnen til Rollo er òg sterkt omdiskutert. Den ikkje spesielt etterrettelege normanniske historieskrivaren Dudo av Saint-Quentin, som er hovudkjelda, meiner at Rollo var ein fordriven dansk kongeson, son av ein «kong Erik». Skriftlege kjelder i kristne Europa skilde ikkje mellom dei nordiske rika og gjorde ikkje mykje skilnad på skandinaviske «vantru» røvarstatar, slik at denne påstanden om opphav kanskje bør tvilast på. Norske historikarar – fremst blant dem Gustav Storm, Alexander Bugge og Ebba Hertzberg – trekte kjeldeverdien til Dudo i tvil, og peikte på kor fullt upåliteleg framstilling hans elles er i det han skriv om Rollo og Danmark, med historiske og geografiske opplysningar som i det heile ikkje stemmer. Dei la òg vekt på at Rollo skulle ha hatt ei dotter, Gerloc (Geirlaug). Dette namnet tydde på eit norsk samband, og at det òg på fransk grunn, i yngre skrifter enn Dudos, finst ein tradisjon om at Rollo var norsk.[1]

Uansett har den ikkje spesielt etterrettelege norske og islandske sagaoverleveringa knytt han til Ragnvald Mørejarl sin son Ganga-Rolv. Det er ikkje att nokre leivningar etter Rollo, men hausten 2010 skulle forskarar gentesta to av etterkommarane hans for å slå fast nærare kvar han hadde opphavet sitt.[2]

Eit DNA-analyse frå 2014 viste at Rollo og forfedrane hans i 12 generasjonar tilbake kom truleg frå Danmark, og at forfedrane til forfedrane hans innvandra til Danmark frå vestkysten av Noreg. Éin studie åleine kan likevel ikkje erkjennast som sanning i vitskapen.[3]

Referansar endre

  1. «Rollo Gange-Rolv Ragnvaldsson – Norsk biografisk leksikon». 
  2. «Jaktar på Rollos opphav»
  3. «Origin Hunters - Genetic Genealogist: Exploring Rollo's Roots: DNA Leads the Way». originhunters.blogspot.dk. 

Litteratur endre

  • Douglas, D.C. (1942): «Rollo of Normandy» i: English Historical Review, Vol. 57 , s. 414-436
  • Helmerichs, Robert: Rollo as Historical Figure
  • McKitterick, Rosamond (1983): The Frankish Kingdom under the Carolingians, 751-987, Longman
  • Dudo av St. Quentin: Dudonis gesta Normannorum, latinsk versjon ved Bibliotheca Augustana
  • Dudo av St. Quentin: Gesta Normannorum, engelsk omsetjing
  • Ganga-Hrolfs saga, Heimskringla.no