Rolv Ryssdal
Rolv Einar Rasmussen Ryssdal (27. oktober 1914–18. februar 1998) var ein norsk jurist fødd i Laksevåg. Han var høgsterettsdommar frå 1964 og høgsterettsjustitiarius mellom 1969 og 1984.
Rolv Ryssdal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. oktober 1914 Laksevåg |
Død |
18. februar 1998 (83 år) |
Yrke | Høgsterettsjustitiarius |
Verv | Høgsterettsjustitiarius |
Periode | 1969-1984 |
Føregangar | Terje Wold |
Etterfylgjar | Erling Sandene |
Ektefelle | Signe Marie Stray Ryssdal |
Han var visepresident i Den europeiske menneskerettsdomstolen frå 1981 til 1985 og president frå 1985 til han døydde.[1]
Heider
endreHan blei utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden i 1970 og blei seinare forfremma til storkors. Ryssdal var også innehaver av storkors av Finlands løves orden
Familie
endreRolv Ryssdal var gift med fylkesmann i Aust-Agder Signe Marie Stray Ryssdal, og var far til tidlegare leiar for Den norske advokatforening Anders Chr. Stray Ryssdal.
Fotnotar
endre- ↑ «Rolv Ryssdal president i Strasbourg», Aftenposten, 4. juni 1985, s. 5.