Romandie (fransk la Romandie eller la Suisse romande) er ei nemning for den fransktalande delen av Sveits - i praksis betyr dette den vestlege delen. Regionen må ikkje forvekslast med det som på fransk heiter la Suisse romanche, som er den delen av Sveits der det blir snakka retoromansk (delar av kantonen Graubünden).

Språkområda i Sveits. Romandie er vist i lilla.

Romandie omfattar kantonane Genève, Vaud, Neuchâtel og Jura og dei fransktalande delane av kantonane Bern, Valais og Fribourg. Rundt 1,5 million menneske (ca. 20 % av sveitsarane) bur i Romandie.

Dei ulike franske dialektane i Romandie kan av og til bli kalla sveitsarfransk. Imidlertid er det små forskjellar mellom sveitsarfransk og «vanleg» fransk, og det er generelt mogleg å forstå den andre typen dersom ein forstår den eine av dei. Noko av det første ein legg merke til i sveitsarfransk kan vera talsystemet; sytti heiter septante (ikkje soixante-dix), nitti heiter nonante (ikkje quatre-vingt-dix), og nokre stader heiter åtti huitante. Det blir gjerne sagt at sveitsarar snakkar saktare enn franskmenn, og at tonefallet deira er meir «syngande».

Regionen eksisterer ikkje i seg sjølv i det politiske systemet, men verkar likevel identitetsskapande for det fransktalande folket i Sveits. Fjernsynsselskapet TSR lagar program for folk i Romandie.

Sjå òg endre