Romerike Folkehøgskole

(Omdirigert frå Romerike folkehøgskole)

Koordinatar: 60°9′35.5″N 11°10′5.5″E

Romerike Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskole som ligg på Jessheim i Ullensaker kommune i Akershus, om lag 8 km frå Oslo lufthamn, Gardermoen. Skolen har plass til rundt 105 elevar i året og er eigd av Akershus fylkeskommune.

Romerike Folkehøgskole
Romerike Folkehøgskole.jpg
SkuletypeFolkehøgskole
Grunnlagt1876
FylkeAkershus
KommuneUllensaker
TettstadJessheim
AdresseTrondheimsveien 176,
2068 Jessheim
RektorHaldis Brubæk
Elevar105
EigarAkershus fylkeskommune

Romerike Folkehøgskole har reindyrka fagfelta teater og musikk, og lagar 40 til 50 små og store teaterstykke og konsertar i løpet av året. Elevane bur på internat ved skolen, i enkelt- eller dobbeltrom. Fasilitetar ved skolen er mellom anna scene, lydstudio, lysstudio, gymsal, treningsrom og eit nybygg med black-box og lydtette musikkøverom.

Linjefag ved skolen i 2015:Endra

  • Kostyme og teatersminke
  • Lyd og musikk
  • Lysdesign
  • Musikk og teater
  • Scenografi
  • Teater

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra