Romleg statistikk
Romleg statistikk eller romleg analyse er ein formell teknikk i statistikk der ein studerer objekt ved hjelp av dei topologiske, geometriske eller geografiske eigenskapane deira. Mange av teknikkane er enno på eit tidleg utviklingsstadium der ein nyttar forskjellige analytiske metodar i felt så forskjellige som astronomi, for studiar av plasseringa av galaksar, til produksjon av databrikker, der ein nyttar spesielle algoritmar for å bygge kompliserte leidningsnett. Omgrepet vert ofte nytta meir spesifikt om teknikkar som omfattar strukturar på menneskeleg skala, og kanskje mest innan analysar av geografiske data. Omgrepet vert til og med stundom berre nytta om eit enkelt forskingsområde, som til dømes geostatistikk.
Historia til romleg statistikk starta med tidleg kartlegging, landmåling og geografi, men teknikkane innan romleg analyse vart ikkje formaliserte før på siste halvdel av 1900-talet. Moderne romlege analysar fokuserer på datamaskinbaserte teknikkar på grunn av store mengder data. Ein har utvikla romlege analyseteknikkar innan geografi, biologi, epidemologi, sosiologi, demografi, statistikk, geoinformatikk, fjernanalyse, informatikk, matematikk og vitskapleg modellering.
Det oppstår mange kompliserte faktorar i romlege analysar, og mange av dei er ikkje klårt definerte eller heilt oppløyste, men er eit område som i dag vert forska på. Det mest grunnleggande av desse problema er å definere plasseringa til objekta ein studerer. Til dømes kan eit studium av helsa til menneske skildre ei romleg plassering ut frå kvar menneska bur, eller ut frå kvar dei arbeider, eller ved å nytte ei linje mellom heimen og arbeidsplassen. Kva ein vel kan ha dramatiske effektar på teknikkane ein nyttar i analysearbeidet og resultata ein kjem fram til. Andre problem som dukkar opp i romleg analyse er at ein ikkje kjenner godt nok til dei matematiske verktøya, føresetnadane som finst i eksisterande statistiske teknikkar og problem som oppstår med datastyrte utrekningar.
Klassifisering av teknikkane innan romleg analyse er vanskeleg på grunn av dei mange områda som vert forska på, dei fundamentalt forskjellige framgangsmåtane ein kan nytte, og dei forskjellige metodane resultata kan synast på.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Spatial analysis» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2009.